UTANFOR HØGSKULEN: Eg har sjølv gått på Høgskulen på Vestlandet, avdeling Sogndal, i tre år og kan melda om høg trivselsfaktor.
UTANFOR HØGSKULEN: Eg har sjølv gått på Høgskulen på Vestlandet, avdeling Sogndal, i tre år og kan melda om høg trivselsfaktor. (Foto: Karoline Skarstein)

11 tips til ein god start på Høgskulen i Sogndal

Overgangen frå vidaregåande til høgskule kan vera overveldande, men her får du nokre gode tips på vegen.

Sogndal: Skal du byrje på høgskule straks og tykkjer det er litt skummelt?  

Då vil eg gjerne be deg om å slappa heilt av og pusta godt med magen. Tida på høgskule er den kjekkaste eg har hatt, og skulen i Sogndal er heilt topp. 

Når du står framanfor Høgskulebygget klokka 10:00 fyrste skuledag, kan alt verka overveldande. Det yrar av folk, og du kjenner kanskje ingen.

Då kan du sjå etter fadrane dine som skal stå der med ein farge som representerar ditt studieløp. Gå til dei om du føler deg aleina, dei tek deg imot med det same. Etter opninga vil dei uansett samla klassen din, og deretter hjelpa deg gjennom den fyrste veka. 

Likevel er det greitt med nokre gode råd når ein skal gjennom sine fyrste fadderveker og starte vegen mot utdanning og framtid.

Her får du mine 11 beste tips til skulestart:

1. Ver sosial.
Fadderveka er laga for at du skal få sosialisera deg og bli kjent med folk. Skaff deg billettar til arrangement så fort som råd, og reis ut på det som skjer saman med den nye klassen din. 

2. Møt opp på forelesing.
Som regel blir ein kasta ut i det, og sjølv om du kanskje festa litt for hardt kvelden før bør du ikkje skofte forelesing dei fyrste vekene. Også dette er ein moglegheit til å bli kjent med klassen din, og det er ganske greitt å ikkje havna bakpå pensum allereie frå start. 

3. Kjøp brukte bøker.
Pensumbøker kostar masse, og det må du hugse når du får storstipend. Mange av kronene må diverre gå til bøker, og ikkje berre til fest og moro. Eit råd er likevel å kjøpa bøkene brukt, då kan du spare mange kroner. Sjekk ut gruppa HISF Kjøp og Salg på Facebook, eller Finn.no. Om du ikkje får tak i bøker til eksamen, er det òg mogleg å låna frå biblioteket. 

4. Et og sov godt. 
Sjølv om det er greitt å vera sosial og med på mest mogleg i faddervekene, er det òg viktig at du får nok søvn og mat. Det er ikkje så kult å sovna i fyrste forelesing. Sov gjerne mellom slaga, og pass på at du et rikeleg. Ikkje drikk utelukkande alkohol. Avtal gjerne grilling i parken eller på stranda med den nye klassen din. 

5. Ta ein pause frå SoMe.
Snapchat, Instagram, og Facebook er kjekt, men det kan du driva med seinare. No skal du bli kjent med heilt nye folk, og det er mange spanande menneske der ute. 

6. Pust med magen.
Det kan vera overveldande med overgangen frå vidaregåande til høgskule, men prøv å ta det heile med ro. Det er vanleg å kjenna på tvil og frykt, og det er vanleg å få kalde føtter med tanke på både studiet, livet i kollektiv, og høgskulen generelt. Ta det med ro, og snakk med vener eller nokon vaksne på høgskulen om det blir for vanskeleg. 

7. Utforsk Sogndal.
Studiestaden din kan by på mangt, og studielivet i Sogndal er kjent for å ha eit godt miljø. Reis ut på Meieriet, delta på konsertar, kle deg ut på temafest, spel spel på Laben, finn nye klede på senteret, bad på stranda, gå tur på fjellet, bli med i ein studentorganisasjon, eller meld deg inn på Idrettssenteret. Sogndal har så mykje å by på, og ynskjer du meir natur kan du med fordel utforska kommunane rundt bygda. 

8. Les litt kvar dag. 
Altfor mange er glad i det berømte skippartaket, og med så mykje gøy å finna på, kan det fort enda opp med at du blir ein av dei. Men å lesa intensivt ei veke før eksamen er på ingen måte å anbefala, så start så fort du kan. Kjøp bøkene, les litt kvar dag, skriv nokre notatar eller refleksjonar, og noter så mykje du greier frå forelesing. På denne måten skal du vera godt rusta den dagen eksamen kjem. 

9. Ikkje tenk at du kan konta neste år. 
Å konta betyr å ta eksamen på nytt neste semester, eller ved eit seinare høve. Om du får karakteren F, altså stryk, på eksamen må du melda deg opp til konteeksamen. Det er lett å tenkja at dette er ei god løysning dersom du heller vil gjera noko anna når eksamen kjem, men «eg tek den på nytt til neste år» kan fort utarte seg til to-fire eksamen som du ikkje har fullført. Og med nye eksamen i tillegg, sit du fort i saksa og eit virrvarr av eksamen. Ikkje utsett det du kan gjera i dag. 

10. Ta deg ein pause.
Nokre gongar blir det rett og slett for mykje. Pugging, forelesing, arbeidskrav, innleveringar, festing, sosialisering, og eksamen kan bli litt i overkant somme gonger. Då er det viktig at du tek deg ein pause frå det heile. Reis heim til familien, ta deg ein tur på ei hytte med vener, steng deg inne på rommet med godteri og serie, eller utforsk ein stad som ikkje ligg nær studiestaden. Det er lov å slappa av. 

11. Nyt.
Nyt tida som student, nyt studentlivet, nyt fest og moro med vener, nyt å utforska og å oppleva nye ting. Eitt år går fort, tre år går nesten endå fortare. Og før du veit ordet av det er du vaksen, ferdig utdanna og skal til i jobb. Då ventar ein heilt annan kvardag, så nyt den du får no medan du kan.

Til toppen