FÅR STØTTE: Årdal kommune gir 110.000 kroner i støtte til markeringa av at Folkevegen til Vetti er 40 år og til Nasjonalparkfestivalen. 
FÅR STØTTE: Årdal kommune gir 110.000 kroner i støtte til markeringa av at Folkevegen til Vetti er 40 år og til Nasjonalparkfestivalen. 

110.000 kroner i støtte til folkeveg og festival

Dei folkevalde i Årdal vil meir enn gjerne støtte feiringa av Folkevegen til Vetti og Nasjonalparkfestivalen med pengar.

Årdal: Tysdag delte formannskapet ut til saman 110.000 kroner til dei to arrangementa som finn stad i månadskiftet juni og juli. 

– Det blir gjort eit forsøk på å løfte festivalen litt. Nasjonalparkfestivalen har eksistert fleire år, men ikkje vakse. No er det eit forsøk på å løfte han. Utladalen er jo særleg eit kjennemerke i reiselivsatsinga, og festivalen går føre seg her, sa Sandra Opheim (MDG).

Ho, i likskap med både Arbeidarpartiet og Senterpartiet, uttalte at planane for årets festival verka spennande. 

Feirer Folkevegen

Festivalen får 50.000 kroner, men også markeringa av Folkevegen til Vetti for pengar. Her vart det søkt på 60.000 kroner. I juni er det 40 år sidan vegen opna og gjorde naturen endå meir tilgjengeleg for innbyggjarar og tilreisande.

I år er Nasjonalparkfestivalen flytta nokre veker seinare, og difor kjem markeringa av Folkevegen inn i programmet på søndagen under festivalen.

– Dette er ein veg som er bygd på dugnad og som gjer at vår natur i Utladalen meir tilgjengeleg. Dette støttar me verkeleg, sa Marie-Helene Hollevik Brandsdal. 

Pengane vert henta frå næringsfondet. 

Til toppen