
Sogndal: Laurdag føremiddag spela Sjøforsvarets musikkorps saman med Sogndal musikklag i sentrumsparken. Kvelden før framførte korpset Mozarts Requiem frå 1791 i ei fullsett Stedje kyrkje akkompagnert av Sogndal songlag og Førde kammerkor.
Under opningstalen i sentrumsparken sa Lerum at det heile starta på Sørheim i Luster for nøyaktig 110 år sidan.
– Der budde oldeforeldra Kari og Nils Lerum som starta forretninga då to stampar med bringebær stod att på kaien på Sørheim, og ikkje kom med dampen til Bergen i august 1907.
Vi ynskte å markere jubileet med å gi noko tilbake til bygda og regionen i form av ein konsert med lokale musikarar og Sjøforsvarets musikkorps, sa Lerum.
I desse dagar vert det bygd ny syltetøyfabrikk og kontor på Kaupanger, og i løpet av 1. halvår neste år er fabrikken samlokalisert på Kaupanger. Dette grepet vert viktig for Lerum si framtid, men det er også viktig for utviklinga av regionsenteret Sogndal, avslutta Lerum som gav ordet til stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete.