12 fekk bot i fartskontroll
(Foto: Illustrasjon)

12 fekk bot i fartskontroll

Mange fartssyndarar fredag ettermiddag. I tillegg var det svilukt ved eit lager bak Lærdal sjukehus.

Lærdal: Det skjedde litt av kvart i Lærdal fredag ettermiddag; først kom twittermeldinga om at 12 bilførarar fekk forenkla førelegg i 70-sona på E16 - høgaste fart var 98 km/t.

Like etter melda politiet om svilukt frå eit lager bak Lærdal sjukehus. Det viste seg at ein motor hadde skjert seg. Straumen vart kopla frå motoren, det var ikkje open flamme. Brann, helse og politi returnerte utan vidare dramatikk.

Til toppen