125 DREPTE: Sjølv om det ikkje har blitt drept så få personar i trafikken sidan 1950, meiner vegdirektør Terje Moe Gustavsen at meir innsats må til for å få ned tala endå meir. Foto: Statens vegvesen.
125 DREPTE: Sjølv om det ikkje har blitt drept så få personar i trafikken sidan 1950, meiner vegdirektør Terje Moe Gustavsen at meir innsats må til for å få ned tala endå meir. Foto: Statens vegvesen.

125 menneske omkom på vegane i fjor

Ikkje sidan 1950 har så få menneske blitt drept i trafikken.

Årdal/Lærdal: Det er også 22 færre drepte i trafikken enn i 2014. Dette kjem fram av Statens vegvesen sine ulykkestal. Dei endelege tala vert presentert av SSB i mai.

– Me har ikkje råd til i mista ein einaste ein. Lat 2016 bli eit endå betre år på vegen, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen. 

– Det er folket som gjer vegane trygge ved å ta trafikksikre val i sin kvardag. Så er me ein rekke aktørar som jobbar saman med Nullvisjonen som fellesnemnar. Dette er dugnad, og me har ikkje tid til pausar. Me må vera førebudde på at utviklinga også kan snu.

Mest menn

Det var flest menn som mista livet. Heile tre av fire av dei som blei drept var menn. Éin av fire var i alderen 18 til 24 år, og det var fleire ulykker i sommarhalvåret enn elles i året.

– Lågare fart er avgjerande for at me når måla me har sett oss. Om me lykkast med å få endå fleire til å halde fartsgrensa og køyre etter forholda, har me enormt mykje å hente. Her må kvar og ein som ferdast på vegen ta sin del av ansvaret.

Ikkje råd til å miste nokon

Utforkøyringar og møteulykker var dei mest vanlege ulykkesformene i 2015. Distraksjon seglar opp som ein av dei største utfordringane innan trafikktryggleiken. Både barn i baksetet, dagdrømmar og bekymringar, GPS-utstyr, smarttelefonar og pratsame passasjerar, kan ta merksemda vekk frå køyringa.

 

– Det er meiningslaust å mista livet i trafikken. Me har ikkje råd til å mista ein einaste ein. Difor kan me ikkje slappe av no og sjå tilbake på ei positiv utvikling. Me må vidare. Jobba endå smartare, endå meir målretta, finne endå betre tiltak for å auke trafikktryggleiken. Marginane er små, og me har ingen garantiar. Kvar og ein av oss må bidra, seier Gustavsen.

Til toppen