VANN: Gutar 13 med pokalane sine.
VANN: Gutar 13 med pokalane sine. (Foto: Privat)

13-åringane til Jotun IL gjekk til topps under turnering i Lillehammer

Jotun IL var representerte av blant anna J13 og G13, som begge enda opp med finaleplass.

Fåberg/Årdal: – At dei begge vann sluttspelet var veldig kjekt, seier Lene Lægreid, forelder til ein på laget.

Då Faaberg-turneringa gjekk av stabelen i Lillehammer i helga, imponerte nemleg årdølene stort. 

– Det var 11 lag frå Jotun IL, og det trur eg er ny rekord. Det var òg to lag frå Årdalstangen. Dette er ei turnering som årdølene likar godt, seier Lægreid.

Både jentene og gutane vann

Ho fortel at dette er ei fast turnering som Jotun har stilt på i mange år no. 

Alle spelarane får cirka fem kampar kvar, fram til dei er 12 år. Då byrjar ein med sluttspel.

– Det er mest for spelegleda sin del. Fram til ein er 12 år er det barnefotball, og då har ein ikkje lov å driva med sluttspel for det skal ikkje vera fokus på konkurranse. Så byrjar dei med A- og B-sluttspel akkurat som på Norway Cup når dei er 13, seier Lægreid. 

Saka held fram under biletet. 

STOLTE: Jenter 13 med pokalane sine. Foto: Privat

Og der klarte jo både jenter og gutar 13 å vinna A sluttspelet. 

– I tillegg greidde G14 å koma på 4. plass, dei tapte bronsen. Det var ein god prestasjon, og det skal dei vera nøgde med.

Kjekk og sosial turnering

Turneringa er kjekk for foreldra som er med, men spesielt for ungane.

– Det er spanande å vera med på, og ungane kosa seg. Så var dei jo ute å flørta litt sjølvsagt, det høyrer med, seier Lægreid lattermildt.

Ho tykkjer turneringa er sosial og fin.

– Det er ein av favoritturneringane eg er med på, og det tykkjer ungane òg. Det som er gøy, er at det er plass til alle.

Overnatta nær Hunderfossen

I år reiste nesten 150 årdøle, born med foreldre, til Lillehammer.

Odd Børge Nundal var tilstades for Jotun IL, og stod for organiseringa av det heile.

– Me sov på Hunderfossen hotell, i tillegg til hyttene. Det var veldig sosialt for alle. Me samlast om kveldane, grilla, og hadde det kjekt saman, fortel han.

Imponert over nivået på spelarane

Òg Nundal er nøgd med prestasjonen til dei unge spelarane. 

– Det er jo kjempeflott at både jente og gutar 13 vann, i tillegg til gutelag i semifinalen. Dei imponerte stort heile vegen, men alle laga til Jotun gjer det eigentleg bra på denne turneringa, seier han. 

Han er imponert over det generelle nivået på spelarar.

– Det må eg seia om turneringa, det er ganske gode lag frå heile Noreg som er med.

Til toppen