FÅ NYTTAR NYNORSK: I tretten fylke her i landet har over 90 prosent av elevane bokmål som hovudmål.​ Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.
FÅ NYTTAR NYNORSK: I tretten fylke her i landet har over 90 prosent av elevane bokmål som hovudmål.​ Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.

13 fylke har over 90 prosent bokmålselevar

I tretten fylke her i landet har over 90 prosent av elevane bokmål som hovudmål.

Årdal/Lærdal: Det fortel Riksmålsforbundet som har sett nærmare på tala i Grunnskolens informasjonssystem som Utdanningsdirektoratet la fram i desember.

Til saman har no 86,9 prosent av elevane i grunnskulen bokmål som opplæringsmål, skriv organisasjonen.

Ifølgje Riksmålsforbundet er Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal dei einaste fylka der fleirtalet av elevane har nynorsk som opplæringsmål. Der har høvesvis 98 prosent og 51 prosent av elevane i grunnskulen nynorsk som hovudmål.

Samtidig fortalde Framtida.no nyleg at talet på elevar med nynorsk som opplæringsmål har auka i fleire vekstkommunar langs kysten dette skuleåret.

I Telemark slit derimot fleire nynorskkommunar med å halda oppe talet på nynorskbrukande elevar. Både i Vinje, Kviteseid og Tokke har færre elevar valt nynorsk som hovudmål dei siste fem åra, fortalde NRKnyleg. Tilflytting blei nemnt som ei medverkande årsak. (©NPK)

Til toppen