STENGD: Gudvangatunnelen er framleis stengd etter trailerbrannen natt til laurdag. No jobbar Statens vegvesen med å vaska, rydda og sikra tunnelen.
STENGD: Gudvangatunnelen er framleis stengd etter trailerbrannen natt til laurdag. No jobbar Statens vegvesen med å vaska, rydda og sikra tunnelen. (Foto: Silje Drevdal / Statens vegvesen)

13 mann i sving for å rydda tunnelen, Vegvesenet har håp om å opna over helga

– Det er mykje arbeid som skal gjerast, og tunnelen blir stengd i fleire dagar, seier Svenn Egil Finden, leiar for vegavdeling Sogn og Fjordane.

Aurland: Oppryddinga er i full gang i Gudvangatunnelen, etter at han vart stengd grunna brann i ein lastebil natt til laurdag. Tunnelen har vore stengd sidan, og Statens vegvesen har tidlegare varsla at stenginga kan bli langvarig

Sundag ettermiddag vart den utbrente traileren fjerna frå tunnelen, sidan har 13 mann vore i full sving igjennom natta.

– Det er mykje arbeid som skal gjerast, og tunnelen blir stengd i fleire dagar. Men me har alle mann i arbeid, og jobbar døgnkontinuerleg for å få tunnelen opna att so raskt som mogleg, seier Finden.

Han fortel at dersom alt går knirkefritt med prosessen kring oppryddingsarbeidet, kan det verta aktuelt å opna om éi veke. 

– Me håpar at det kan vera aktuelt å opna tunnelen etter helga. Men får me eit stopp i ei maskin, vert arbeidet stoppa og utsett. Me kan kanskje opna onsdag slik at rutebussar kan passera ettermiddag og kveld, men me må begrensa trafikken vesentleg for å kunne gjera oss ferdige, seier han til Porten.no. 

Han opplyser at ulukka ikkje vil påverke ferdigstillinga av utbetringsarbeidet i Gudvangatunnelen, i stor grad. 

Ferdig med vasking av tunnelen

Tunnelløpet opp til Langhuso, som vart sota ned av røyken frå brannen, var ferdig vaska måndag morgon.

Deretter starta arbeidet med å frakta vekk laust fjell og skadd betong frå tunneltaket. Vegvesenet håpar å bli ferdig i løp av måndagen, slik at sikrings med sprutbetong kan starta natt til tysdag. 

Deretter skal nye sikringsboltar på plass. Til slutt må det elektriske anlegget ved brannområdet, erstattast. 

Vegvesenet kan framleis ikkje stadfesta når tunnelen kan bli opna att, men det vert vurdert fortløpande når det kan bli mogleg å sleppa gjennom trafikk opplyser dei. 

– Me kjem tilbake med oppdaterte meldingar når me veit meir, lovar Finden.

Til toppen