Åtte har mista livet i desember-trafikken i år mot ti i fjor, viser førebelse tal frå Statens vegvesen.
Flest dødsulykker i 2016 har det vore i Rogaland (15), Buskerud (14) og Akershus (12), mens Aust-Agder (2), Oslo (4), Telemark (4), Sogn og Fjordane (4) og Troms (4) har hatt færrast.
– Dette er nedslåande. Sjølv om tendensen over tid er at det er stadig tryggare på vegane, er dette mykje meir enn tal og statistikk. Bak kvar einaste ulykke er det ein tragedie som rammar familie, venner, kollegaer og lokalsamfunn, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen.
– Eit markant trekk i 2016 har vore ein overrepresentasjon av godt vaksne menn med for stor fart som fører til utforkøyringsulykker, seier han.
Kvar tredje omkomne var ein mann mellom 45 og 64. Dette er ein kraftig auke i forhold til tidlegare år. Utforkøyringsulykker utgjer meir enn éin av tre dødsulykker, seier vegdirektøren.