OPPSVING: Lerum har aldri utgjort ein større del av syltetøysalet i norske butikkar enn tilfellet var i februar. 
OPPSVING: Lerum har aldri utgjort ein større del av syltetøysalet i norske butikkar enn tilfellet var i februar.  (Foto: Halvor Farsund Storvik)

14,1 millionar i overskot for Lerum – 4,1 millinar meir enn året før

I 2019 leverer Lerum-konsernet eit overskot på 14,1 millionar før skatt. Dette er ei betring på 4,1 millionar frå året før, melder selskapet i ei pressemelding.

Sogndal: 2019 var det første heile året all produksjon var samla på Kaupanger etter at syltetøyproduksjonen vart flytta frå sentrum i Sogndal. Fokus på innkøyring og trimming av ny fabrikk har vore høgt, skriv dei i pressemeldinga. 

Lerum har i 2019 ein verdiandel ut av butikk i Norge på 54 prosent i saftmarknaden og 26 prosent i syltetøymarknaden.

– Eg er nøgd med at vi klarer å betre resultatet vårt i det heile første året med samlokalisert drift på Kaupanger, og at vi har vekst i salsvolum totalt. Eg er også glad for at vi i 2019 har auka marknadsandelane våre i verdi ut av butikk både for saft og syltetøy, seier administrerande direktør Trine Lerum Hjellhaug i pressemeldinga. 

Sukkerfritt aukar – trekker fram ZERoh! som suksess

Salet av ZERoh! til Sverige har auka gjennom 2019, og isen ZERoh!, som er eit samarbeid med Hennig-Olsen is, har vore ein suksess. Isen vart kåra til årets innovasjon i daglegvaremarknaden i 2019.

– Det er kjekt også at merkevara ZERoh! gjer det bra i Sverige. Eg ynskjer å takke alle dei tilsette for godt utført arbeid i 2019, Lerum Hjellhaug. 

Den sunnare trenden held fram, ifølgje Lerum, og veksten er størst på produkta utan tilsett sukker. Selskapet fortel at det i 2019 har vore lagt ned eit stort arbeid for å utvikle gode og ernæringsrette produkt. Dette arbeidet vil forbrukarane sjå resultatet av i 2020.

– Det er press på marginane våre, så arbeidet med å trimme drifta vert svært viktig framover. Med den omsetninga vi har, er resultatmålet høgare enn der vi ligg no. Vi har gjennom 2019 lagt til rette for at forbrukarane skal få mange nye produkt frå oss i 2020. Det er risiko å satse så stort på produktutvikling, men det er større risiko å ikkje gjere noko, seier Lerum Hjellhaug.

I 2019 betalte Lerum 76 millionar i sukkeravgift til staten. Lerum skriv vidare at myndigheitene «gjorde ingenting med innretninga av denne avgifta i 2019 heller. Sunne, ernæringsrette produkt av frukt og bær vert framleis belagt med særavgift til staten.»

Dei trekker fram utfordringa med auka grensehandelen og at avgifta er ei stor belastning for selskapet si konkurransekraft.

Lågt sjukefråvær

Sjukefråværet i Lerum var 3,2 prosent i 2019.

– Vi er godt fornøgde med at sjukefråværet er lågt i eit så krevjande år med innkøyring av ny fabrikk. Det viser at dei tilsette ynskjer å bidra, seier Lerum Hjellhaug.

Vidare skriv Lerum at marknaden for produkta deira ikkje er særskild eksponert i samanheng med Korona-viruset per no. Samtidig presiserer dei at tilgangen på råvarer og ingrediensar kan bli råka, og at produksjonen på Kaupanger er avhengig av at dei ikkje får smittetilfelle i eigen arbeidsstokk. Ei rekkje tiltak er sett i verk for å redusere risiko og dempe konsekvensar.

Til toppen