Årdal: – Eg skjønnar ikkje heilt kva eg gjer her, seier Beatrice Juskaite etter nyttårskonserten.
Ho har nettopp stått på scena foran ein utsolgt sal med soulkongen Odd Rene Andersen og Janitsjarkorpset bak seg.
– Ho har ei framtid ein kan glede seg til
– Det var heilt fantastisk. Eg har hatt konsertar her i Årdal Kulturhus før, så det var heldigvis ikkje heilt nytt. Men denne gongen var alle andre så flinke og profesjonelle. I tillegg er folk i salen litt eldre og det er ikkje berre foreldre som ser på. Det var stort å vere her, seier Juskaite.
Hovudartist Odd Rene Andersen hadde ikkje anna enn lovord å seie om henne.
– Ho har ei framtid ein kan glede seg til. Allereie no så er ho eit stort talent. Viss ho klarer å utvikle sine eigenskapar og skape eit eige uttrykk, så kan ho eigentleg bli så stor som helst.
Blir nervøs kvar gong
Før konserten vart det lova at det skulle svinge skikkeleg, det såg dei ut til å klare med glans.
– Det var kjempe koseleg, bra med folk og herleg stemning, seier Andersen om konserten.
Beatrice Juskaite byrja å synge då ho fortsatt budde i Litauen. Her var ho med på ein musikkskule der dei pleidde å synge, danse og vere på ei scene. Etter kvart då ho flytta til Norge blei det fleire og fleire konsertar.
– Eg er blitt vant til å stå foran folk, men blir veldig nervøs kvar gong. Spesielt i dag når det er så mange som ser på og så store artistar ein opptrer med.
– Eg overtenkjer mykje
Dei fleste av oss kunne nok aldri ha tenkt oss å stå foran så mange personar, men Juskaite elskar å stå på ei scene.
– Av og til berre fyk tankane og då tenker eg på heilt andre ting enn det eg kanskje burde fokusere på. Eg overtenkjer også veldig mykje. Då lurer eg på om folk likar det dei høyrer på eller ikkje.
Sangtalentet er beskjeden og seier ho ikkje har nokon store mål.
– Eg bryr meg ikkje om kor stor eller liten scena er. Eg vil berre at folk skal klare å slappe av og nyte det eg framfører.
Å leve av musikken
Men drømmen er å kunne leve av musikken og mange er nok sikre på at ho har det som skal til for å klare akkurat det.
– Eg håpar at ein person kjem til å følge musikkarrieren min vidare. Det hadde eg vore fornøgd med, seier Juskaite.