Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto (Foto: arkiv)

14 forenkla førelegg i dobbelkontroll

Mange vart nokre lappar fattigare.

Sogndal: Politiet i Sogn og Fjordane twitrar at det tidleg onsdag ettermiddag vart halde trafikkontroll i regi av UP på Hagalandet, i 70-sona. Seks fekk forenkla førelegg for høg fart. Høgaste målte fart var 84 km/t. I tillegg fekk ein forenkla førelegg for manglande beltebruk og ein for bruk av handhalden mobil.

Seinare på ettermiddagen fekk seks nye forenkla førelegg for høg fart i ein trafikkontroll i 60-sona på Kvam på fv. 55. Høgaste målte fart var 74 km/t,

 

Til toppen