KAN FÅ NEI: I førre veke blei Sogn og Fjordane, Rogaland og Hordalans einige om ein intensjonsavtale for samanslåing, men avtalen møter motbør hjå dei folkevalde, som kan seie nei når saka vert handsama i desember. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune. 

14 representantar vurdere å seie nei til regionreforma

Torbjørn Vereide kallar regionreforma der Sogn og Fjordane vert slått saman med Hordaland og Rogaland for tvangsekteskap. 

Sogn og Fjordane: – Dette har gått veldig fort, og det er mykje me ikkje veit. Det kjennest litt som eit tvangsekteskap der me ikkje har fått sjå brura utan slør, seier Vereide til NRK, som skriv at dei kjenner til 14 fylkestingrepresentantar som vurderer å seie nei til regionreforma.

Vereide er ein av desse 14 som kan kome til å seie nei når saka får si endelege avgjerd i fylkestinget i desember. I Sogn og Fjordane er det 31 folkevalde på fylkestinget.

Av desse er det fleire som ikkje har bestemt seg, medan nokre vil ikkje uttale seg. 

OVERRASKA: Aleksander Øren Heen (Sp) var ganske klar i sin tale då han sa han ville seie nei til regionreforma. Arkiv
OVERRASKA: Aleksander Øren Heen (Sp) var ganske klar i sin tale då han sa han ville seie nei til regionreforma. Arkiv

Ein som var klar i sin tale til Porten.no fredag, var Aleksander Øren Heen (Sp). Årdølen sa då at han blir overraska om fylkestinget går inn for dette.

– Det sit i alle fall langt inne for meg å gå inn for dette. Eg kan vel seia at eg ikkje kjem til å gjera det. No skal partigruppene diskutera det som ligg føre, men eg blir overraska viss fylkestinget går inn for dette, sa han.

Intensjonsavtalen som dei tre fylkesordførarane kom fram til i førre veke har fått mykje kritikk gjennom helga. Eit tema som har fått mykje fokus er kva skriftspråk som skal nyttast. 

– Viss me skal ha ein vestlandsregion, så burde det vere ein nynorskregion. Eg kan ikkje heilt forstå kvifor Rogaland skulle stille dette som eit krav. Nynorsk er jo bygd på den dialekten vi har her i denne delen av landet, seier Ane Mari Breut Nese (H), som er ordførar i Rogalandskommunen Klepp, til Nationen.

Til toppen