Bot:  Årdal kommune får 150 000 kroner i bot etter at dei i februar la ut sensitive helseopplysningar på postlista. Arkivfoto
Bot: Årdal kommune får 150 000 kroner i bot etter at dei i februar la ut sensitive helseopplysningar på postlista. Arkivfoto

150 000 kroner i bot for å ha lagd ut sensitive opplysningar

Datatilsynet gir Årdal kommune bot etter tabben i februar.

– Dette er noko av det klaraste ein kan tenke seg når det gjeld lovbrot. Slike opplysningar skal ikkje publiserast på nettet, seier direktør i Datatilsynet, Bjørn Erik Thon til NRK Sogn og Fjordane.

– Bortforklarar ikkje

Det var i februar at kommunen vart kjend med at konfidensielle personopplysingar var tilgjengeleg på kommunen sin offentlege postjournal. Opplysningane var oversendt frå Fylkesmannen i samband med eit varsla tilsyn, 

    •    Les også: – Svikt i etablerte rutinar

    •    Les også: Advokat: - Mest alvorlege saka eg har sett

Administrasjonen vart varsla om dette av Fylkesmannen etter at han var kontakta av ein journalist i Sogn Avis.

– Deretter blir det eit gebyr for å markera alvorert i det, noko me har forståing for. Me gjer ikkje noko forsøk på å bagatellisera eller bortforklara det som har skjedd, seier rådmann Olve Fossdal til avisa etter at bota er kjend.

Han seier vidare dei har skjerpa rutinane for å unngå at liknande skal skje att.

Til toppen