Longhorn spelar i Borgund kyrkje
Longhorn spelar i Borgund kyrkje (Foto: Ellen Veum)

150-årsjubilum i Lærdal: – Det var ei heilt magisk stemning

Borgund kyrkje har jubileum i år, og eldsjeler stilte opp med både festmiddag og konsert for å heidre 150-åringen.

Lærdal: – Dette var rett og slett rørande!

Audun Mo er leiar i kyrkjeleg fellesråd og sat sjølv i døra før konserten i den vørdelege kyrkja. Bygd i 1868 for å erstatta den historiske stavkyrkja rett ved sidan av, er ho no sjølv blitt ein del av historia.

Og for å feira jubilanten, diska dei lokale opp med konsert med Sigrid Moldestad, jubileumsgudsteneste med middag og fredag kveld konsert med bandet Longhorn. Kyrkja vart bortimot full med dei kring hundre oppmøtte, so det vart ein intim og rørande konsert, fortel Mo.

– Det var ei heilt magisk stemning. Me var spente på kor mange som ville komma, men det vart jo nesten fullt, seier Mo.

Bandet Longhorn spelar konsert i Borgund kyrkje i Lærdal. Den vesle kyrkja er full og bandet spelar alt frå trommer til bass og gitar.
Longhorn spelar i Borgund kyrkje. Foto: Ellen Veum

– Då publikum reiste att tok dei meg i handa og takka for opplevinga. Det er so godt å sjå folk nøgde då me legg ned so mykje arbeid seier Mo.

Til toppen