DEMONSTRERTE MOT SKATTEKUTT: Frå venstre ordførar Ivar Kvalen i Luster, ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal, ordførar Morten Sortland (bak) i Høyanger, ordførar Jon Håkon Odd i Leikanger, ordførar Arild Ingar Lægreid, Aleksander Øren Heen (Sp), ordførar Leidulf Gloppestad, Gloppen.
DEMONSTRERTE MOT SKATTEKUTT: Frå venstre ordførar Ivar Kvalen i Luster, ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal, ordførar Morten Sortland (bak) i Høyanger, ordførar Jon Håkon Odd i Leikanger, ordførar Arild Ingar Lægreid, Aleksander Øren Heen (Sp), ordførar Leidulf Gloppestad, Gloppen. (Bilde: Privat)

150 ordførarar demonstrerte framom stortinget mot regjeringa sitt planlagte skattekutt

Over ein tredjedel av landets ordførarar var til stades for å demonstrere mot regjeringa sin freistnad på å taka bort skatten på bruk og verk. 

 Oslo: – Vi ynskte å markera i dag at dette er eit kutt som vi ikkje aksepterer, seier Alexander Øren Heen, politisk rådgjevar for Sp i stortinget og fylkestingsrepresentant for Årdal, til Porten.no

Det var Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar (LVK) som tok inititativ til kveldens demonstrasjon, som gjekk av stabelen klokka seks og varte i omtrent tre kvarter.  Både Trond Giske og Trygve Slagsvold Vedum heldt appellar til forsvar for den tradisjonsrike skatten. 

– Trur du no at de kan få igjennom krava dykkar, Alexander Øren Heen, at skatten på bruk og verk vert heldt ved lag?

 Eg trur det er fullt mogleg å få til dette no, når KrF har sagt at dei er einige i at regjeringa sitt framlegg er feil. KrF har no eit stort ansvar, seier Heen. 

Han legg til at han trur KrF ser kor viktig dette er og ikkje sel seg billig og står knallhardt på krava. 

Trude Brosvik påpeikar det ho meiner er feil argumentasjon mot skatten på bruk og verk.

– Me skal forhandla med regjeringspartia og med venstre og freista å koma fram til ei semje. Det er vårt primære mål. Me går inn i forhandlingane utan noko ultimatum, seier gruppeleiar på fylkestinget for KrF og leiar i Sogn og Fjordane KrF, Trude Brosvik.

Ho fortel at ho ikkje kan lova kva som vert utfallet, men at KrF har teke skatten på bruk og verk inn att i sitt alternative budsjett, av di partiet meiner framlegget frå regjeringa betyr ei sentralisering av makt og pengar. Ho seier òg at KrF meiner at regjeringa sitt vedtak ikkje er tilstrekkeleg greitt ut. 

–  Det vert argumentert med at skatten på verk og bruk gjer gale mot dei grøne datalangringssentera i landet og at skatten soleis er miljøfiendtleg. Men det er feil argumentasjon, for det er heilt uproblematisk å halda desse datalagringssentera utanfor denne skatteordninga, seier Brosvik.  

Til toppen