150 ungar deltok på "Gla` i Lærdal"

Fotballstjerner for ein dag, livleg dans til "Schnappi" og historisk vandring i Gamlegata var nokre av høgdepunkta under "Gla` i Lærdal". Sjå fotogalleri!

Lærdal: – Keeperen må vera klar! ropar Monika Lysne før ho bles i gang kampen på Lærdal stadion.

Mangfaldig program

Den tredje og siste dagen av "Gla´ i Lærdal" går av stabelen rundt om kring i sentrum. Om lag 100 ungar frå barneskulen har vore med på ei rekkje aktivitetar sidan måndag; måling, motorikk, skeiser, besøk på Villakssenteret, fotball, linedance og historisk vandring har stått på planen. I tillegg var rundt 50 ungar frå barnehagen med måndag, så då var 150 i full fart på Lærdalsøyri.

Ute på fotballbana gjev dei små fotballstjernene vesentleg større underhaldning enn dei store stjernene i eit småtraurig europamisterskap på fransk jord desse dagane; på Lærdal stadion er det tett mellom måla, imponerande avdriblingar, offensiv taktikk og kjemisk fritt for dårleg skodespel.

– Dei har vald lagnamne sjølve, så her ser du Manchester United, Liverpool, Barcelona og Real Madrid, fortel Lysne, som organiserer fotballen denne dagen.

– Korleis er engasjementet?

– Veldig, veldig bra. Dei er kjempeflinke, og alle blir med. Det er fint for dei som ikkje har spelt så mykje fotball å sjå at det kan vera kjekt. 

På scena i Kvammegården er det linedance. Ungane finn seg kjapt ein favoritt så danselærar Eva Hage Solstad må køyra  "Schnappi" i fleire rundar. To andre grupper er på historisk vandring. Kåre Hovland og Hallvard Eri deler sin historiske kunnskap med ungane, for høvet iførde autentiske klede frå tida dei fortel frå Hovland står på Løytnantsbryggja og fortel historien om den og det Leirdalske lette infanterikompani. Eri syner fram Henrikstova til ungane.

Tredje året

"Gla` i Lærdal" blir arrangert på tredje året. Det starta med at organisasjonen Lions gav pengar til eit slik arrangement. Ei gruppe med representantar frå Lærdal Idrettslag, Kultur og oppvekst ved Lærdal kommune, Barnas Turlag og psykolog Mads Rekve organiserte opplegget.

– Det blei så populært at me ville prøva att i fjor. Då fekk me pengar frå Lærdal Næringsutvikling til dette. Arrangementet var like vellukka då, så me gjekk på ein ny runde med "Gla` i Lærdal i år også - no har me fått pengar frå gåveinstituttet til Indre Sogn Sparebank, i tillegg til Lærdal Næringsutvikling. Og det er faktisk rekordpåmelding, fortel Anita Karlsen Bentås ved Kultur og oppvekst.

Mange frivilljuge og lærarar frå skulane er med på den praktiske gjennomføringa. Og Karlsen Bentås fortel arrangementet har gått utan store problem.

– Litt logistiske utfordringar, men det merkar ikkje ungane, trur eg - berre me vaksne. Ungane verkar veldig nøgde - dei hadde ein strålande dag i går, og såg ikkje ut til å ei gong merka regnet som kom. Akkurat no ser eg på ei gruppe som er med politiet her nede i Lærdal sentrum. Det er nytt av året, og dei har det heilt knall ser det ut til. 

 

Til toppen