TASTEFEIL: Ein tastefeil gjorde at 164 studentar fekk tilbod om studieplass ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Måndag mista dei plassane igjen. Foto: Høgskulen i Sogn og Fjordane.
TASTEFEIL: Ein tastefeil gjorde at 164 studentar fekk tilbod om studieplass ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Måndag mista dei plassane igjen. Foto: Høgskulen i Sogn og Fjordane.

164 personar fekk feil beskjed om studieplass

164 studentar som stod på venteliste til sosionomstudiet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, fekk tilbod om studieplass på grunn av ein tastefeil. Måndag mista dei plassen igjen.

Sogndal: Studentane fekk kontrabeskjed frå Samordna opptak om at tilbodet om studieplass vart trekt tilbake, skriv VG. Det fekk konsekvensar for fleire studentar.

– Alt vart snudd opp ned på laurdag. Med tanke på oppseiingstid sa eg opp jobben søndag, sidan måndag var første august, fortel Eli-Therese Lund (30) frå Bergen, som sjølv jobbar som studierettleiar og karriererådgjevar. Ho hadde dessutan skaffa seg ei leilegheit ho skulle leige med to andre i Sogndal.

No vurderer ho å klage på at studieplassen vart trekt tilbake.

Fungerande rektor Anne-Grethe Naustdal ved Høgskulen i Sogn og Fjordane forstår skuffelsen til fleire av studentane, men seier at skulen ikkje har økonomi til å sette opp ein ekstraklasse.

– Vi visste ikkje at den tastefeilen førte til at heile ventelista fekk tilbod om plass. Det er fortvilande og ganske utruleg at det går an, seier ho.

Samordna opptak seier feilen som vart gjort på opptakskontoret på skulen, skulle ha blitt meldt til dei sjølv om han vart retta opp med ein gong.

Feilen vart oppdaga av ein student. (©NPK)

Til toppen