170 ungar og ungdommar i aksjon under Gla` i Lærdal

På det meste var 170 ungar i sving under Gla` i Lærdal, og i samband med idrettslaget sitt jubileum var det fokus på fysisk aktivitet i form av mellom anna fotball, dans, gamle leikar, skeisser og motorikk. Sjå fotogalleri!

Lærdal: - I år har det vore fokus på idrett, seier Svanhild Lindesteg, hovudansvarleg for Gla` i Lærdal.

Det har etter kvart vorte eit årvisst arrangement veka etter skulane tek sommarferie; Lærdal idrettslag inviterer alle ungane i bygda til tre dagar fyllte med aktivitetar.

– Me fekk ein del pengar etter storbrannen, og då vart dette arrangementet til, forklarar Lindesteg.

– Entusiastiske ungar

I 2017 fyller også Lærdal idrettslag 80 år og difor var storparten av aktivitetene av det fysiske slaget; fotball, skeisser, motorikk og linedance – mellom anna.

– Ungane har vore entusiastiske og verka nøgde heile vegen. I dag vart det litt for mykje venting fordi me fekk litt mannskapsproblem på eine programposten, men alt i alt har det gått svært bra. Og ungane har vore veldig svoltne, seier Lindesteg.

Då porten.no var innom siste dagen fekk mellom anna ungane prøva seg med leik av det enkle slaget – slikt foreldra og kanskje først og fremst besteforeldra deira leikte med då dei var ungar. Hesteskokasting såg ut til å slå an, det same gjorde ymse former for presisjonskasting med ball.

På ei lita bane utkjempa to lag ein duell med fotballen, og på scena i Kvammegården drilla Eva Hage Solstad inn dansestega til framsyninga ungane skal stå for onsdag kveld, under avslutninga av Gla` i Lærdal.

– Måndag var det totalt 170 ungar i aksjon, då hadde me også med barnehagen. Tysdag og onsdag har me hatt 140 ungar her.

– Stor takk til foreldre og besteforeldre

Ho er svært nøgd med at ein så stor del av borna i Lærdal har vore med på arrangementet.

– Ja, det er slik det skal vera. Me arrangerer dette for å skapa litt aktivitet første veka etter skuleslutt, og for at ungane skal få kjensle av tilhøyrsle. Eigentleg skulle det vera eit opplegg for ungdomsskuleelevane også, men det måtte me droppa. Så det har vore born her frå første til sjette klasse pluss SFO – og barnehagen måndag.

I tillegg har tjue friviljuge i form av foreldre og besteforeldre gjort arrangementet mogleg.

– Dei har gjort ein veldig bra innsats – ordna med mat, drikke, stått på postane; ja alt. Så ein stor takk til dei, seier Lindesteg.

– Gla` i Lærdal blir neste år også?

– Ja, det satsar me på.

Til toppen