6. og 7.juni går konserten med kulturskulen, Årdal Danseverkstad, Farnes skulemusikk og Kuda Mudra av stabelen i Årdal kulturhus. Arkivfoto frå tidlegare konsert.
6. og 7.juni går konserten med kulturskulen, Årdal Danseverkstad, Farnes skulemusikk og Kuda Mudra av stabelen i Årdal kulturhus. Arkivfoto frå tidlegare konsert.

180 unge musikarar klare for konsert

Konserten «Soul, funk & summer» går av stabelen i Årdal Kulturhus komande måndag og tysdag.

– Dette blir ei skikkeleg oppleving for både dei frammøtte og ungdommane sjølve, seier kulturskulelærar Ketil Thorbjørnsen.

Korps og band kopla i hop

Aktørane kjem frå kulturskulen, Årdal Danseverkstad, Farnes skulemusikk og Kuda Mudra. Dei er i aldersspennet 6-18 år og skal framføra musikkstykkjer av mellom andre James Brown og Bruno Mars.

– Her prøver me å kopla korps- og bandtradisjonen saman. Så me har ei eiga blåsarrekkje. Nivået er svært høgt. Det kjem rett og slett til å bli drittøft, seier Thorbjørnsen.

Konserten markerer avslutninga på kulturskuleåret. Lærarane på dei ulike musikk- og danseskulane bestemde seg for temaet «Soul, funk & summer» alt ved juletider. Sidan då har dei førebudd seg til konserten som går med to framsyningar.

– Her er faktisk alle instrument som blir nytta i kulturskulen representert. 

– Kor mykje øver dei?

– Det er øvingar ei gong i veka. Så øver dei mykje heime. Trur me. Ja, det må dei nesten gjera - så flinke som dei er, seier Thorbjørnsen.

– Folk er flinke å møta opp

Konsertbillett kostar 150 kroner. Ein kan kjøpa billett på Biblioteket og Tenestetorget på førehand, samt at det blir restsal i døra frå ein time før konsertstart - om det er billettar att.

– Me går for fulle hus. Folk er flinke å møta opp. Og desse konsertane har fått god omtale tidlegare så me ser at fleire og fleire som ikkje har ungar blant aktørane møter opp.

– Hundre og åtti ungar og ungdommar på ei scene - det må bli ganske fullt?

– Det er ikkje så mange på ei gong, men hundre og åtti i sving i løpet av konserten. Men på avslutningsnummeret har me faktisk rundt åtti samstundes, så då er det temmeleg fullt, ja.

Konsertane går av stabelen måndag 6.juni og tysdag 7.juni, klokka 18 begge dagane.

Til toppen