Årdal: Frida Hunshammer har drive med musikk lenge, og tidlegare i år gav ho ut sin fyrste singel, Lovesick.
I sommar sa ho til Porten.no at ho ville satsa vidare med musikken, og hadde ønske om å gje ut fleire sangar. Difor valde ho å senda ein søknad om stønad til kommunen, og i førre veke vedtok formannskapet at ho skulle få heile 35.000 kroner.
– Eg er utruleg takksam for at kommunen støttar meg. Dette gjev meg moglegheit til å koma ut med meir musikk, som student hadde det ikkje vore mogleg utan stønad, seier Hunshammer oppglødd.
Støtte frå heimbygda
Å ha heimkommunen i ryggen betyr mykje for 19-åringen.
– Det er godt å vita at Årdal kommune har trua på meg, og vel å hjelpa meg å satsa, seier Hunshammer.
Ordførar Arild Ingar Lægreid seier at formannskapen var positive til å hjelpa den unge musikaren:
– Det er skikkeleg flott at me har nokon som satsar på musikken på denne måten, så dette støtter me så godt me kan, seier han.