KØYRDE INN I RAS: 19-år-gamle Ola Halset var på veg heim frå jobb då det plutseleg raste store steiner ned framfor han. No er han lei.
KØYRDE INN I RAS: 19-år-gamle Ola Halset var på veg heim frå jobb då det plutseleg raste store steiner ned framfor han. No er han lei. (Foto: Ola Halset)

Ola (19) seier han nesten døydde i raset. Jenny Følling: – Me har ikkje pengar til å sikre alt

Då Ola Halset kom køyrande på fylkesveg 92 i helga, hagla det stein frå fjellsida. Men vegen vert det ikkje gjort noko med. No tek han opp kampen mot politikarane.

Vik: Natt til laurdag raste det plutseleg store steinar ned i vegen framfor Ola Halset. 19-åringen reagerte raskt, bråbremsa og fekk rygga unna, melde NRK sundag.

KØYRDE INN I RAS: Ola Halset, 19, er lei av at det ikkje vert gjort noko med den rasutsatte vegen.

– Det kom masse stein. Eg vart nesten truffen av dei. Eg byrja å rygge, men det kom store steiner bak meg óg, så eg måtte rygge i mellom dei.  

Raset isolerte Arnafjorden, Framfjord og Nese i nesten to døgn. Der bur det omlag 150 menneske.

Halset er rasande over at det ikkje vert gjort noko med vegen og påpeikar at mange køyrer vegen kvar dag til Vik. Både arbeidarar og skuleungar. 

– Eg synst det er for gale at det skal gå liv på den vegen før det vert gjort noko. Dei har berre lagt den vegen heilt bakerst i gløymeboka. Noreg har nok penger til å fiksa den. Det er betre å bruka nokre millionar på vegen enn å ta eit liv. 

Halset seier innbyggjarane har prøvd å få merksemda til politikarane for å få vegen fiksa, til inga nytte. 

– Dei skubba den vegen bak alle andre på prioriteringslista. Me er så få som bur der ute. Det var nesten at eg døydde på laurdag. Dei gir faen i oss, seier han.  

80 raspunkt i Sogn og Fjordane

Fylkesordførar Jenny Følling reagerer på utsagnet til 19-åringen: 

Jenny Følling
TEK AVSTAND: Fylkesordførar Jenny Følling tek avstand til påstanden frå 19-år-gamle Ola Halset. Foto: Arkiv

– Eg vil ta avstand frå påstanden om at me ikkje bryr oss. Dette jobbar me med kvar dag.

– I Sogn og Fjordane har me 80 raspunkt med høg skredfare, og fem av dei har me råd til. Det er eit uttrykk på realiteten. Det er ikkje dét at me ikkje bryr oss, men at me ikkje har nok penger til å sikra alle raspunkta. 

I økonomiplanen får fylkeskommunen 1.269 milliardar kroner til rassikring i første seksårsperiode. I dei første fire åra er det budsjettert rassikring på 1.058 milliardar korner.

Ifølgje Følling skal desse vegane sikrast i budsjettet: 

  • Fylkesveg 722, Flovegen, Stryn. 
  • Fylkesveg 53 Jåteli, Årdal.
  • Fylkesveg 55 Kjenes, Balestrand.

Rådmann: – Langt ifrå god nok

 – Det viser jo korleis det kjennest å bu på ein slik plass. Han som no har kome midt opp i det, og alle som ferdast ved den vegen der, opplever eitt eller anna. Om det så er ein stein som dett ned bak dei eller noko anna, seier Oddbjørn Ese, rådmann i Vik. 

– Det er noko som dei lev med kvar dag.

Han seier at vegen er ei utfordring for dei som bur i Arnafjord, Framfjord og Nese, og ikkje minst at det er ei stor påkjenning for foreldra.

– Det går skulebussar fram og tilbake kvar dag. Dét må vere tyngande for foreldra når dei veit kor rasutsatt vegen er.

– Vegen er langt ifrå god nok. Det burde ha vore gjort tiltak for lenge sidan. Generelt seier me at vegen ikkje er i nærleiken av den standarden som er forventa. Den kan nestan omtalast som den mest rasutsatte vegen i Sogn, seier Ese.  

Til toppen