VEGFØDSEL: Ingen andre plassar i landet blir så mange ungar fødde på veg til sjukehuset som i Sogn og Fjordane.
VEGFØDSEL: Ingen andre plassar i landet blir så mange ungar fødde på veg til sjukehuset som i Sogn og Fjordane. (Foto: Flickr/larsjuh)

196 barn fødde under transport i fjor – gjett kven som toppar statistikken

196 barn vart fødde under transport i fjor, medan 176 barn vart fødde uplanlagt heime, viser årsrapporten frå Medisinsk fødselsregister.

NPK-NTB: Spørsmålet om nedlegging av fødestader fører til at fleire fødslar skjer under transport, har vore eit debattema dei siste åra. No ser talet på slike fødslar ut til å ha stige frå 103 i 2015 til 196 i 2016.

Men Medisinsk fødselsregister forklarer den tilsynelatande auken med at dei har lagt om klassifiseringssystemet for opplysningar om fødestad.

Registeret har gått gjennom dei tilfella som var markerte med «Annet og ukjent sted» for å kvalitetssikre tala.

– Ein stor del av dei med fødestad «Annet/ukjent» har difor vorte reklassifiserte som transportførsler, opplyser fødselsregisteret til NTB.

Sogn og Fjordane toppar statistikken

Førebels omfattar statistikken tala frå 2016 og 2017, men registeret skal gå gjennom fødselsmeldingane frå tidlegare år for å oppdatere opplysningane.

Gjennomsnittet for heile landet var i fjor 3,3 fødslar under transport per 1.000 fødslar. Tala for dei siste fem åra viser at Sogn og Fjordane er det fylket som har desidert flest transportfødslar per 1.000 fødde barn (11,8 fødslar per 1.000 i fjor).

Troms var det einaste fylket som ikkje hadde nokon fødslar under transport i 2016.

Forskar meiner sentralisering er hovudårsaka

Stipendiat Björn Gunnarsson i Stiftelsen Norsk Luftambulanse har forska på fødslar utanfor sjukehus. Gunnarsson meiner hovudårsaka til dei høge tala er sentraliseringa av fødeomsorga.

– For om lag 40 år sidan var det om lag 160 fødeinstitusjonar i Noreg. I dag er det 45. Det er ofte lang reiseveg mellom heim og fødeinstitusjon, og risikoen for å føde før ein når fram til fødeinstitusjonen er derfor større, seier han til Aftenposten.

Statssekretær Anne Grethe Erlandsen (H) i Helse- og omsorgsdepartementet meiner det er feil at fødetilbodet i Noreg blir bygd ned, og viser til at døyinga blant nyfødde og mødrer er svært låg og har vore søkkande.

Til toppen