AUKE: Trass i at 2500 gardsbruk er lagde ned under den blåblå regjeringa, har det vorte fleire sauebønder. Illustrasjonsfoto
AUKE: Trass i at 2500 gardsbruk er lagde ned under den blåblå regjeringa, har det vorte fleire sauebønder. Illustrasjonsfoto

2.500 færre gardsbruk under den blåblå regjeringa

Sidan regjeringsskiftet har det blitt 2.500 færre gardsbruk i Noreg, ein nedgang på 6 prosent. Forskarar trur arbeidsløysa har avgrensa nedleggingane.

Under den blåblå regjeringa har det blitt 2.563 færre gardsbruk her til lands, skriv Nationen. Forskar Ola Flaten i Norsk institutt for bioøkonomi seier dette er eit mindre tal enn venta.

– Ut ifrå den politikken som har blitt ført der ein i større grad har stimulert til stordrift, skulle ein trudd at nedleggingstakta hadde auka meir. Men det er ofte først ved generasjonsskifta at gardsbruk blir lagt ned. Dermed kan det gå mange år før ein ser effekten av endringane som blir gjort, seier Flaten.

Flaten peikar også på arbeidsløysa og seier at færre nok vel å legge ned fordi tilgangen til alternativt arbeid har blitt tøffare.

Det siste året har det blitt 3,2 prosent færre gardsbruk med mjølkekyr, og 2,1 prosent færre grisegardsbruk. Men talet på gardsbruk med sauer har auka med 1,5 prosent det siste året, det har også gardsbruk med ammekyr, med 3,3 prosent.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) er ikkje bekymra og seier det er opp til bonden sjølv om dei ønskjer å drive.

– Over tid er det viktig å ha tilstrekkeleg med bønder til at ein klarer å auke produksjonen av mat sjølv om det blir færre bønder. Så lenge ein driv arealet meir effektivt så er det handterleg, seier han. (©NPK)

Til toppen