20 år med Audhumla 4H på Borgund

Laurdag ettermiddag hadde Audhumla 4H haustfest i samfunnshuset på Borgund. 

Borgund: Laurdag ettermiddag var ungdomshuset på Borgund på ny pynta til fest , også denne gongen var det Audhumla 4 H sin haustfest.  Rundt om på veggene og borda hadde medlemmene lagt fram utstillingene sine, og det var mange som let seg imponere over kreativiteten og fantasien som ungdommen tydelig hadde meir enn nok av. 

- Eg er verkeleg imponert kva dei får til her i Borgund , sa Eirik Hortmo Vikøren frå fylkesstyret for 4 H om haustfesten for Audhumla 4H. 

Det er 19.gong Audhumla 4H har haustfest. Medlemstalet deira har vore stabilt gjennom alle desse åra. 

Eirik H. Vikøren delte ut merke og diplom og i år var det to som skulle få planketten. Det er Hanna Gram Cock og Håkon Voldum Mo, og dei blir då invitert til plankettfest der heile fylket er med. 

Kvifor namnet Audhumla

- Håkon Voldum Mo , som er ein av dei eldste aktive medlemmane i Audhumla 4 H på Borgund ,leia festkvelden saman med Tore Skårheim, Jan Helge Husum ,Malin Voldum, Andrea Nesse Walla og Oskar Gram .

Håkon fortalde  den fullsette salen i ungdomshuset kvifor det heitte Audhumla:

- Namnet Audhumla vart vald, fordi mange av dyre namna me hadde lyst på var brukt i fylket allereie. Audhumla var ei ku i norrøn mytologi. Ho gav mjølk til dei gamle gudane. Men det var og ei ku som Hilde Hafslund hadde . Hilde var med som klubbrådgjevar frå starten for 20 år sidan , ho laga kakao og kanelbollar av mjølka til mange møter.

Jan Helge fortel at klubben vart starta i mai 1996 , etter eit prosjekt på skulen

- Landbrukskontoret og 4 H i Førde var med og hjalp oss i gang. 

I løpet av dei 20 åra har det vore 112 medlemmar og 12 klubbrådgjevarar. Ei som har vore med frå starten er Anne Nedrehegg ,og har framleis ei  styrande hand med på det meste i klubben, fekk  heder og ære for innsatsen i alle desse åra .

Jan Helge fortel vidare om at det tok nokre år før Audhumla hadde sine fyrste plakettmottakarar . Det var Siv Tufte og Kim Nedrehegg. Dei er fortsatt medlemmar i Audhumla 4 H på Borgund.

- Det er mange som har jobba med prosjektet fritt val i klubben vår. Me vel tema sjølve. Me har hatt mykje sport/trening, musikk, skyting, oppussing av klubbhuset, radiobil, cross, film Borgund utvikling, dessertar og mykje meir, fortel Malin Voldum. 

Tore Skårheim  viste fram utstillinga si. 

- Eg og Markus Sørensen har mekking som prosjekt . Dette er veldig kjekt. Her kan ein driva på litt sjølv med oppgåva. Eg starta med prosjektet mitt ved juletider i fjor . Her er og lagt fram  arbeidsbok  med tegningar og fullt reknskap, seier Tore. 

4 H – Sosialt , aktivt, morsomt,- du bestemmer !

4 H Norge er ein landsomfattande , ideell barne – ungdomsorganisasjon som er livsnøytral og partipolitisk uavhengig. Formålet er at ein skal utvikle ein aktiv og samfunnsengasjert ungdom med ansvarsfølelse og respekt for natur og menneske. Motto : Å lære ved å gjøre. Kjerneverdiane i 4 H er : Klart hode, Varmt Hjerte, Flinke hender og God helse .

4 H løftet : Me lover å arbeide mot det mål å bli ein ungdom med klart hode, varmt hjerte, flinke hender og god helse.

Merkesystemet 4 H er delt inn i : Aspirant ( 10 -11 år og yngre )Junior ( 12 -14år)Senior ( 15-18år. )

I løpet av eitt år skal medlemmane i 4 H arbeidemed eitt sjølvalgt prosjekt . Ved godkjendt prosjekt og oppmøte på meir enn 50 prosent av møtene tildelast ein kvart år eitt merke .

Etter 7 år er ein på toppen og mottar 4 H planketten .

Stinn brakke i ungdomshuset

Jubileumsfesten til Audhumla  fylte heile salen  i ungdomshuset , her var det medlemmar , inviterte gjester , ordførar, ,familie, og venner. Det var underhaldning med gamle filmklipp , bilder og ikkje minst god underhaldning frå scena.  kvelden vart avslutta med gode kaker , kaffi og brus. 

 

 

Til toppen