20 år med laks og kultur vart feira

I år er Lærdal kulturhus og norsk villakssenter 20 år og dette blei feira i kulturhuset fredag. 

  • Endret

Lærdal: Lærdal kulturhus og norsk villakssenter er 20 år i år, og dette blei feira fredag i kulturhuset.

- Det er ein stor glede å feire 20 års markeringa i dag. Det året me opna villakssenteret så forsvann fisken frå Lærdalselva. No feirar me 20 år og laksen er tilbake, seier ordføraren i Lærdal, Jan Geir Solheim.

Konferansier for feiringa var leiar for kultur og oppvekst i Lærdal, Torunn Liltved.

- Det er veldig kjekt å ha eit slikt hus. Dette er ein samlingsplass for mange aktivitetar, fortalte Liltved.

Den første direktøren, Finn E. Krogh, gav saman med Lasse Selthun eit tilbakeblikk på historia til villakssenteret.

- Det er veldig kjekt å vere tilbake her i Lærdal, sa Krogh.

Byrjinga på villakssenteret

Johs. B. Thue og Knut Lindstrøm kom med ideen om eit villakssenter i Lærdal under eit reiseprosjektmøte på Lindstrøm hotell i 1988/1989.

Eit interimstyre vart stifta, der blant anna elveeigarlaget var med. Dette var eit stort prosjekt og ein måtte ha ein prosjektleiar. Dette blei Finn E. Krogh.

Fleire studieturar vart gjennomført for å få gode idear. Blant anna reiste dei til Elverum, der dei såg kor bra det var med eit opplevingssenter og ein kino i same bygg.

Til Kongen

Rådmann Lasse Selthun, prosjektleiar Finn E. Krogh og ordførar Hans A Tønjum fekk i 1992 audiens hjå kong Harald. Karane frå Lærdal var nervøse, då dei gjekk oppover slottsbakken og skulle helse på kongen.

Dei blei tatt godt imot og kong Harald var svært oppteken av planane for det nye villakssenteret og korleis det gjekk i Lærdal.

Lærdølene var innvilga ein halv time hjå kongen, men var der i ein time.

15 juni 1996 var Kong Harald i Lærdal og opna villaksenteret . Opninga var vellukka med heile 47 311 besøkande.

Artikkelen held fram under bilete

KONGEN: I 1996 var kongen i Lærdal for å opne villakssenteret.
KONGEN: I 1996 var kongen i Lærdal for å opne villakssenteret.

Framtida til kulturhuset

- Dette er eit fantastisk flott bygg som andre kan misunne oss, men bygget må ha eit løft vidare, seier Arne Tokvam i Lærdal næringsutvikling.

Det kom også fram at dagens hovudutfordring er manglande drivkraft og ressursar for ei heilskapleg drift og utvikling av bygget.

Spørsmålet for framtida til kulturhuset er om ein skal satse vidare på eit lokalt Lærdal kulturhus eller ha eit ambisiøst reiselivstilbod med eit opplevingssenter med villaks og kunst.

God underhaldning

I tillegg til fakta om historia og framtida til villakssenteret og kulturhuset, var det mykje god musikk å høyre.

Øystein Stensland spelte fine stykke på piano, Tom Karlsrud spelte trekkspel og Marita Vangen Bratteteig song med Magne Grøttebø på gitar.

Frå musikkskulen kom ungdomsgruppa Twang junior. Gruppa består av Sara og Eirik Thomassen, Melina Mo, Andrine Hagheim, David Hunderi og Samuel Eines. Dei gjorde to flotte nummer til stor applaus frå salen.

Artikkelen held fram under bilete

UNDERHALDNING: Det var mykje god underhaldning under feiringa av Lærdal kulturhus og norsk villakssenter.
UNDERHALDNING: Det var mykje god underhaldning under feiringa av Lærdal kulturhus og norsk villakssenter.

Premiere

Kortfilmen «som ein reier så ligg ein» av Alexander E. Zwart blei synt under feiringa. Filmen har fått god omtale og publikum såg ut til å like filmen. Det var mykje latter av innhaldet i filmen.

- Dette er ein av dei mest personlege filmane eg har laga. Den er filma i Lærdal med lokale heltar. Mange folk stiller opp og det betyr mykje for meg, avslutta Zwart.

Til toppen