DRIVKRAFT: Sofie Moen (20) har jobba med å få alt til å klaffa før 1000 ivrige og unge turnarar inntok Øvre Årdal denne helga. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 
DRIVKRAFT: Sofie Moen (20) har jobba med å få alt til å klaffa før 1000 ivrige og unge turnarar inntok Øvre Årdal denne helga. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

20-åringen i spissen for fylkesstemne 

Sofie Moen har vore drivkrafta bak årets fylkesstemne for turn i Øvre Årdal som denne helga har teke imot over 1000 spreke born. 

Årdal: Det siste året har Sofie Moen saman med turngruppa i Jotun jobba på spreng for å få alle puslespelbrikkane på plass til årets turnstemne. 

– Turnhjarte mitt bobla då eg såg alle laga frå heile fylket på stadion under opningsseremonien, seier ho. 

Les også: Turnestemne i Årdal er i gong 

Jobba jamnt og trutt

Planlegginga av årets arrangement starta allereie då Jotun fekk veta ha dei skulle ha turnstemne i 2016 etter fjorårets stemne. 

– Me byrja allereie då å finne ei helg som kunne passe og leggja linjene for korleis det skulle bli. Turngruppa har jobba jamnt og trutt heile året, men det er dei siste månadane at dei har gått i turnstemne kvar dag, seier Moen. 

Førre gong Jotun arrangerte turnstemne, var i 2006. Då deltok 400 unge turnarar. I år var det påmeldt 13 lag frå heile fylket og over 1000 born er med. 

–  Så det seier seg sjølv at ein ikkje kan bruke heilt dei same måla som den gongen. Ein må berre føla seg fram. Eg har ikkje gjort dette før og resten av gruppa er ganske ferske dei også, seier Moen som er leiar for turnstemnet og trenar for Jotun. 

Studert gymnastikk

20-åringen studerte eit halvt år på turnhøgskulen i Ålborg i Danmark før ho fekk tilbod om å bli leiar for Jotun turngruppe. 

– Det hadde eg kjempe lyst til og det verka veldig spennande, seier Moen som har drive med turn sidan ho var 10 år gammal. 

Diverre er det ikkje mange jobbane innan gymnastikk, men årdalsjenta håpar at det kan vere ein stor del av livet hennar, sjølv om ho ikkje kan leve av det. 

– Planen er å fortsetja å jobba med turn her i Årdal. Turngruppa i Jotun vekse veldig og no har me runda 120 medlemmar. I 2013 var me berre 45 aktive turnarar, seier ho. 

Vil vekse endå meir

Det siste året har turngruppa utdanna fleire trenarar og er no oppe i 20 stykkjer. 

– Me har gått frå å vera ein liten gjeng til å bli ganske mange. Alle saman brenn verkeleg for det. I tillegg er  e er heldige å ha turnhallen. Framover trur eg me kjem til å veksa endå meir, seier Moen. 

I haust starta turngruppa å trena 2.-, 3.- 4.- og 5. klassingar. Tidlegare har ikkje dei yngste hatt tilbod om turn i Øvre Årdal. 

– Dei er veldig mange og veldig ivrige. Om me hadde hatt kapasitet, skulle me gjerne byrja å trene 1. klassingar og barnehageborn også. Men me er avhengig av å få med nok foreldre. Sjølv om me er mange trenarar, så er me framleis ikkje nok og vil gjerne ha med fleire, seier Moen. 

Til toppen