AUKE: Det er 20 prosent fleire som har landbruksfag som sitt førsteval i 2016 enn det var i 2015. Illustrasjonsfoto: Jan Christian Jerving.
AUKE: Det er 20 prosent fleire som har landbruksfag som sitt førsteval i 2016 enn det var i 2015. Illustrasjonsfoto: Jan Christian Jerving.

20 prosent fleire søkjer seg til landbruksfag

Det er 20 prosent fleire som har landbruksfag som sitt førsteval i 2016 enn det var i 2015. Skogfag er det mest ettertrakta landbruksrelaterte skulefaget, viser tal frå Samordna opptak.

Indre Sogn: – Dette er gledelege tal som viser at ungdommen trur på ei framtid i landbruket. Konkurranse om studieplassane bidrar til godt motiverte studentar, og det vil gi studiet meir prestisje, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp).

Ifølgje Samordna opptak har talet på søkjarar med landbruksrelaterte fag som førsteval auka frå 385 søkjarar i 2015 til 461 søkjarar i 2016.

I år har 614 studentar fått tilbod om plass ved landbruksstudium.

Ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) er alle landbruksfaga, med unntak av husdyrvitskap, heilt fulle. Det mest populære studiet er skogfag, som for andre året på rad har lange ventelister.

Også ved vidaregåande utdanning har interessa for landbruksfag auka. I år er det 15 prosent fleire søkjarar til programfag naturbruk i dei fylkeskommunale skulane enn i fjor.

– Næringa trenger fleire ungdommar med høg kompetanse og hjarte for landbruk. Interesse, kompetanse, teoretisk kunnskap og landbruksutdanning er viktig for å vidareutvikle næringa, seier Dale. (©NPK)

Til toppen