SKADAR: Ekstremvêr har ført til store materielle skadar. Bilete viser haustflaumen i 2014 då elva Utla var ekstremt høg. Arkivfoto: Mads Heggø.
SKADAR: Ekstremvêr har ført til store materielle skadar. Bilete viser haustflaumen i 2014 då elva Utla var ekstremt høg. Arkivfoto: Mads Heggø.

2015 blei blant dei dyraste uvêrsåra gjennom tidene

Forsikringsselskapa betalte ut nesten 1,5 milliardar kroner etter naturskadar i 2015. Berre tre gonger tidlegare har uvêr gjort større skade.

Årdal/Lærdal: Det viser ein gjennomgang som Gjensidige Forsikring har gjort.

Gjennom året ramma dei fem ekstremvêra Nina, Ole, Petra, Roar og Synne landet. Totalt var dei årsak til cirka 20.000 skademeldingar og forsikringsutbetalingar for i overkant av 1,5 milliardar kroner.

– Behov for tiltak

– Også 2011 og 2013 var år med mykje skadar. Tre av dei fem dyraste uvêrsåra har faktisk inntreft dei siste fem åra. Dette understrekar at det er behov for tiltak for å styrkje evna samfunnet har til å tole villare vêr, seier konsernsjef Helge Leiro Baastad i Gjensidige.

Beløpet gjeld berre skadar på eigedom som er omfatta av naturskadeforsikring. I tillegg kjem kostnader på fleire hundre millionar kroner til bilar, båtar, campingvogner og anna som blir erstatta av vanleg kaskoforsikring. Skadar på offentleg infrastruktur og landbrukseigedom kjem også i tillegg.

Stormen Nina var dyrast

Dyrast i 2015 var stormen Nina, som trefte vestlandskysten i januar og var årsak til nær 13.000 skademeldingar. Så følgde stormen Ole i Nord-Noreg i februar, regnvêrsflaumen Petra på Sør-Austlandet i september, stormen Roar i Trøndelag og Nordland i september, og stormen Synne på Sørvestlandet i desember.

– I dei 36 åra vi har statistikk for, peiker 2011 og 1992 seg ut som dei klart dyraste åra, med skadar for over 2 milliardar kroner i dagens pengeverdi. Begge desse åra var det storm og stormflo som stod for mesteparten av skadane, seier Gjensidige-sjefen.

Trur det kjem av klimaendring

Det tredje dyraste året var 1995, då flaumen Vesleofsen var årsak til over 7.000 skadar i Hedmark, Oppland og Akershus.

– Noko av årsaka til at uvêra blir stadig dyrare for forsikringsselskapa, er at vi eig stadig meir og er stadig betre forsikra. Men når tre av dei verste åra så langt ein kan hugse har inntreft dei siste fem åra, tyder det på at klimaet er i ferd med å endre seg, seier Helge Leiro Baastad. (©NPK)

Til toppen