VÅTT: Fjoråret var det tredje våtaste året som er målt sidan 1900. Her er elva Utla sommaren 2015. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
VÅTT: Fjoråret var det tredje våtaste året som er målt sidan 1900. Her er elva Utla sommaren 2015. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

2015: Noreg vart våtare og varmare

Fjoråret vart det tredje varmaste og våtaste året som er målt i Noreg sidan 1900.

Årdal/Lærdal: – Det mest spesielle er at vi har hatt så mange ekstremvêr med nedbør, fortel klimaforskar Hans Olav Hygen ved Meteorologisk institutt, som tysdag gjorde opp vêrstatus for året som har gått.

Hygen minner om ekstremvêret Nina, som ramma Vestlandet med mykje nedbør og sterk vind, Ole, som ramma Nordland, Lofoten og Troms, Petra i Telemark, Buskerud og Vestfold, Roar i Trøndelag og Synne på Vestlandet.

– Det er veldig spesielt med så mange ekstremvêr med nedbør. Det er normalt med 3– 5 ekstremvêr, men ikkje med nedbør, fortel han.

Store skadar

Hygen slår fast at ekstremvêra har ført til store skadar.

– Det har ikkje vore korte, intense byer, men kraftig nedbør over eit par dagar. Det har ført til store skadar, kvart av ekstremvêra har ført til skadar på opp mot ein halv milliard kroner, seier han.

Ein annan ting som var spesielt for fjoråret, var dei store snømengdene i fjellet. 

– Snøen låg langt utover sommaren, seier han.

Blir varmare og våtare

Meteorologisk institutt ser også inn i framtida og trur utviklinga vil fortsette.

– Det blir varmare, og det blir våtare, med kraftigare byevêr som varer over fleire dagar. 

Snøen trekkjer seg frå låglandet, men i fjella vil vi kunne få meir snø i framtida. Det vil kunne føre til fleire lokale flaumar, seier Hygen.

Han seier klimaendringane vil gi både nye utfordringar og moglegheiter, ikkje minst for bøndene.

– Bøndene vil både kunne få betre forhold og vanskelegare. Det er vanskeleg å føresjå i dag, seier Hygen. (©NPK)

Til toppen