MØRKT: Det var bokstaveleg talt eit bekmørkt år for fisket i Årdal i 2014. Ein svært sin sommar med kalde vassdrag får mykje av skulda. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
MØRKT: Det var bokstaveleg talt eit bekmørkt år for fisket i Årdal i 2014. Ein svært sin sommar med kalde vassdrag får mykje av skulda. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

2015 var eit svakt fiskeår i Årdal

2015 var ein «svært dårleg sesong» for fisket i Årdal, heiter det i årsrapporten til Årdal Jeger og Fiskerforening (ÅJFF).

Årdal: Nett i underkant av 300 kilo laks og sjøaure vart teken i årdalsvassdraga i 2015. Ein må tilbake til 2007 og 1996 for finne liknande tal.

 Det går fram av årsmeldinga til Årdal Jeger og Fiskerforening. Til samanlikning var det teke rundt 900 kilo laks og sjøaure i 2014, som historisk sett var eit godt år.

– Kaldt vêr og kalde vassdrag kan vere ei årsak til dette. Dette ser me att over heile fylket, skriv fiskeutvalet i meldinga si.

Dramatisk nedgang

Det er i Hæreidselva det vart teke mest fisk med 36 laks og 20 sjøaure. For sistnemnde er det ei nedgang på over 100 fisk frå året før i same elv.

Artikkelen held fram under biletet.

DRAMATISK NEDGANG: Fiskeutvalet skriv i årsmeldinga at Hæreidselva hadde ein dramatisk låg fangst i 2015. Svein Jarle Moen (midten) er leiar i fiskeutvalet.
DRAMATISK NEDGANG: Fiskeutvalet skriv i årsmeldinga at Hæreidselva hadde ein dramatisk låg fangst i 2015. Svein Jarle Moen (midten) er leiar i fiskeutvalet.

– Hæreidselva har hatt ein dramatisk låg fangst i høve til tidlegare år.

Også talet på gytefisk har gjekk dramatisk ned frå dei 600 som vart talde i 2014. 2015-tala syner 263 sjøaure og 20 laks. 

Førebyggjande tiltak

Fiskeutvalet føreslo difor å innføre nye reglar for fisket komande sesong.

– På grunn av låg gytefiskteljing og fangst i 2015 føreslår fiskeutvalet å laga reglar for baglimit for både laks og sjøaure. I tillegg blir det premiering til dei som set ut største gytefisken og den som tek fisk som vert levert til klekkeriet etter 15. august. Det vert lagt ut beholdarar i Øvre Årdal og på Årdalstangen til oppbevaring av fisk til den vert henta for transport til klekkeriet, heiter det i forslaget.

Artikkelen held fram under biletet.

STØRSTE SJØAUREN: Marlov Moen tok den største sjøauren på 5,3 kilo i 2015. Her mottek han premie som synleg bevis.
STØRSTE SJØAUREN: Marlov Moen tok den største sjøauren på 5,3 kilo i 2015. Her mottek han premie som synleg bevis.

Dessutan blir lagt klare retningslinjer på at ein skal desinfisere utstyr og ha dokumentasjon på at dette er utført før ein kan fiske i vassdraget. Brot vil føre til at fiskekortet vert inndratt og personen vert utestengt. 

– Me har i for stor grad vore opptekne av å premiera den største fisken, men i år skal me premiera dei som leverer inn mest fisk til klekkeriet og dei som set ut att fisk. Me må snu dette, sa leiar Vidar Moen til Porten.no.

Slik var det ikkje i 2015, så på årsmøtet vart det altså delt ut premiar til sjøaure, laks og fjellaure, som henholdsvis Marlov Moen (5,3 kilo), Marius Borovic (7,6 kilo) og Stig Ove Bruheim fekk (1,4 kilo). 

Til toppen