MEST: Det vart fanga flest både laksar og sjøaurar blant elvane i Indre Sogn og Sogndal i 2016. Nærøydalselvi i Aurland kom på 18.plass når det kjem til antal med 318 laksar på land, medan det i Aurlandselvi vart fanga nest mest sjøaurar - 224 i talet. Arkivfoto
MEST: Det vart fanga flest både laksar og sjøaurar blant elvane i Indre Sogn og Sogndal i 2016. Nærøydalselvi i Aurland kom på 18.plass når det kjem til antal med 318 laksar på land, medan det i Aurlandselvi vart fanga nest mest sjøaurar - 224 i talet. Arkivfoto

2016 var botnår for sjøauren

Ikkje sidan statistikken starta i 1969 er det fanga så lite sjøaure som i 2016.

Sogn: Fangsten av sjøaure i elvane i Sogn og Fjordane i 2016 var den lågaste sidan rapporteringa av sjøaure starta i 1969. Laksefangsten i elvane er på nivå med dei siste åra, skriv Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Det vart til saman fanga 1 694 sjøaurar (3,5 tonn) i elvefisket i Sogn og Fjordane i 2016, og av desse vart 911 individ (1,6 tonn) avliva. Nesten halvparten (46%) av fangsten vart dermed sett ut att i elva i 2016.

Tal avliva sjøaure i elv er det lågaste sidan registreringa starta i 1969, men samla fangst (avliva +utsett sjøaure) var om lag på nivået den tidlegare botnsesongen i 2008 - då var all fisk avliva. 

Det vart fiska til saman 8 739 laks (41,7 tonn) i elvane i Sogn og Fjordane i 2016. Til samanlikning vart det i 2015 fanga 9 367 laks (36,5 tonn). Lærdalselvi hadde størst samla fangst av laks i 2016 med ei auke frå nær 7 tonn til nær 8,5 tonn. 

Elv Tal laks (avliva) Tal sjøaure (Avliva)
Lærdalselvi 1126 (256) 315 (50)
Årdalsvassdraget 81 (78) 73 (49)
Årøyelvi 262 (40) 7 (2)
Sogndalselvi 115 (113) 6 (6)
Storelvi i Fjærland 5 (5) 59 (45)
Aurlandselvi 12 (0) 224 (101)
Nærøydalselvi 318 (47) 83 (11)
     

 

Til toppen