Søkinga til teknikk og industriell produksjon (TIP) i Vestland fylke viser ei auke på 50 søkarar.
Søkinga til teknikk og industriell produksjon (TIP) i Vestland fylke viser ei auke på 50 søkarar. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

21 057 elevar søkjer vidaregåande skule i Vestland

Fristen for å søke plass i dei vidaregåande skulane i Vestland gjekk ut 2. mars. Tala viser at det er stabil søking i Vestland.

Vestland: Dei tekniske og maritime faga er igjen svært etterspurde. Søkinga til teknikk og industriell produksjon (TIP) viser ein auke på 50 søkarar med ungdomsrett til 1070 på vg1. Desse faga fekk også stor auke i søkinga i fjor.

Dei største yrkesfaga, helse- og oppvekstfag, opplever ein reduksjon i søkartala med 83 til 1175. Søkarane konkurrerer om 1108 elevplassar på vg1.

Søkinga til vg1 studiespesialisering viser nedgang med om lag 10 prosent færre søkarar enn i fjor. Totalt søker 2825 elevar med ungdomsrett plass på studiespesialiserande fag mot 3153 søkarar i fjor. Søkinga til musikk, dans og drama har derimot gått opp med om lag 50 søkarar.

Nye yrkesfag

Desse fire nye yrkesfaglege utdanningsprogram blir oppretta frå komande skuleår.

  Søkjarar
Sal, service og reiseliv 238
Informasjonsteknologi og medieproduksjon 128
Handverk, design og produktutvikling 34
Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign 108
Til toppen