Hyllestad: Koronautbrotet i Hyllestad har nådd nye høgder. Berre fredag har elleve personar fått positivt prøvesvar.
No er talet oppe i 21 personar. Alle har kome sidan tysdag denne veka.
Firda skriv at ein utanlandsk arbeidar testa positivt på Flesland førre lørdag.
– Alvorleg
I følgje avisa er 19 av dei smitta tilknytta Havyard Group sitt verft.
Administrerande direktør i gruppa, Gunnar Larsen, seier til Firda at utbrotet har alvorlege konsevkensar.
– Både for helsesituasjonen i Hyllestad, men også for oss som verft med tanke på at vi har måtte mellombels legge ned drifta. Det er svært kostbart å halde eit verft stengt, så så fort vi har fått kontroll på situasjonen kjem vi til å opne att, seier Larsen, seier han til avisa.