STORT BEHOV: Berre i Årdal er det ti stader risikoen for skred er høg, og som burde utbetrast. Totalt anslår Statens vegvesen at ei full oppgradering i Vestlandsfylka vil koste 22 milliardar kroner. Kart: Statens vegvesen.

– 22 milliardar for å gjere vestlandsfylke skredsikre

Analysar frå Statens vegvesen anslår at skredsikring i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane vil koste minst 22 milliardar kroner.

Årdal/Lærdal: Analysane blei kjende måndag og tek føre seg 715 kjende skredpunkt, går det fram av ei pressemelding. 192 av punkta på riks- og fylkesvegnettet har høg skredfaktor.

– Det er bygd mykje veg langs fjord og fjell gjennom tidene, og mange stader er det behov for å trygge enkelte skredpunkt. Behovet i Region vest utgjer halvparten av det totale behovet i heile landet. Det seier litt om kvifor skredsikring er eit viktig satsingsområde for oss, seier regionvegsjef Helge Eidsnes i ei pressemelding.

Eidsnes viser til at mange av skredpunkta kan bli utløyste gjennom prioriteringar til større vegprosjekt, som E16 mellom Voss og Arna. Regionvegsjefen fortel også at skredpunkta er vurderte ut frå situasjonen i dag, og at nye punkt vil kome til i framtida.

Artikkelen held fram under biletet.

OVERSIKT: Kartet viser kor det er behov for rassikring i Lærdal kommune. Kart: Statens vegvesen.
OVERSIKT: Kartet viser kor det er behov for rassikring i Lærdal kommune. Kart: Statens vegvesen.

Oversikta frå vegvesenet er ei fagleg tilråding og eit grunnlagsdokument til arbeidet med forslag til Nasjonal transportplan 2018– 2029.

Karta som er lagt ved viser at i Lærdal er behovet for skredsikring middels eller låg dei få stadene det er behov. I Årdal er situasjonen ein annan med mellom anna ti stader der behovet for skredsikring er høg. 

OVERSIKT: Kartet viser kor det er behov for skredsikring i Årdal kommune. Kart: Statens vegvesen.
OVERSIKT: Kartet viser kor det er behov for skredsikring i Årdal kommune. Kart: Statens vegvesen.

(©Porten.no/NPK)

Til toppen