INGEN SPOR: Etter at søket etter den 24 år gamle mannen frå Eritrea vart avslutta i fjor, har det ikkje kome fram nokon nye opplysingar i saka. 
INGEN SPOR: Etter at søket etter den 24 år gamle mannen frå Eritrea vart avslutta i fjor, har det ikkje kome fram nokon nye opplysingar i saka. 

24-åringen forsvann sporlaust for eit år sidan​

Politiet sit framleis utan forklaring eller spor etter den unge mannen frå Eritrea som for eit år sidan forsvann frå Årdal. 

Årdal: Torsdag 21. mai 2015 vart siste observasjon gjort av den 24 år gamle mannen ved Vetti i Utladalen. Dagen etterpå vart han meldt sakna. 

Les også: Politiet står framleis utan spor etter den sakna 24-åringen frå Eritrea

I dag, 21. mai, er det eit år sidan sist mannen vart sett. 

– Sjølve søket vart avslutta i tida etter mannen forsvann. Saka er lagt på is fram til me eventuelt får nye opplysningar, seier Helge Øvstetun, som jobba som innsatsleiar i politiet då mannen vart meldt sakna. 

Les også: Ber om publikums hjelp i leiteaksjonen

Sporlaust vekke

Det vart sett i gong store leiteaksjonar i dagane og vekene etter at den 24 år gamle mannen frå Eritrea forsvann. Mannen hadde opphaldsløyve i Noreg og var busett i Årdal medan han venta på å få plass i ein kommune. Han hadde budd i Årdal sidan august 2013.

– Det har verken blitt gjort funn eller registrering av han sidan søket vart avslutta. Men for eit år sidan vart det gjort ein betydeleg innsats i å prøve å finne han, seier Øvstetun. 

Les også: Leitar i Fardalen i tillegg til Vetti

La igjen lommebok og telefon

Eit år: 24-åringen frå Eritrea har vore sakna frå heimen sin i Årdal i eit år.
Eit år: 24-åringen frå Eritrea har vore sakna frå heimen sin i Årdal i eit år.

Torsdag 21. mai 2015 vart mannen observert då han kom med buss frå Årdalstangen. Politiet fekk først melding om at mannen var sakna fredag, eitt døgn etter. Både telefon og lommebok hadde mannen lagt att heime.

– Me dreiv store søk over ei god del tid. Men me kom ikkje nærare noko funn eller observasjonar. Det er ingen spor om kva som kan ha skjedd, seier Øvstetun. 

I mai i fjor vart gjort observasjonar ved Naturhuset i Skåri og framme i Vetti i Utladalen som kunne passe skildringa av mannen. 

Sivilforsvaret, politiet, Røde Kors, Norske redningshunder, sivile, asylsøkjarar frå mottaka i Sogndal og Årdal og Norsk Folkehjelp har vore i aksjon for å leite etter mannen. I tillegg har det blitt nytta drone og helikopter under leitinga, men søka i Utladalen har vore resultatlause. 

Ingen tips

I fjor deltok over 150 frivillige  i søket etter den sakna mannen.

– Det er ingen hendingar som har gjort at me har kome nærare kor han forsvann. Heller ikkje har me fått inn nokre tips sidan leiteaksjonen vart avslutta, seier Øvstetun. 

Les også: No startar politiet søket i elv

Politiet brukt tett opp mot 150 000 kroner på søket etter 24-åringen. 

Til toppen