2400 på Jordeplerock

Publikumsrekord begge dagane, allsong framføre scena og svært populære jordeplerettar. No går arrangørane svært langt i å lova ny rockefest neste år. Sjå bilete frå laurdagen!

– Me er overvelda. Eg veit ikkje heilt kva eg skal seia, det har eigentleg ikkje gått heilt opp for oss, seier Torgeir Skjerdal, ansvarleg for media og marknadsføring under Jordeplerock.

Allsong til kvar låt

Laurdagen samla 1100 publikummarar - 500 fleire enn dag 2 av festivalen i fjor. Fredag var heile 1300 innom, og arrangørane nådde taket dei hadde sett så dei siste som kom ikkje kunne få adgang til festivalen.

– Me vil jo gjerne at alle som vil inn skal få inn, men fredag sa det altså stopp. Det er snakk om tryggleik, og då måtte det bli slik, seier Skjerdal.

Etter at Gunslingers starta musikkfesten i regnvêr byrja også vêrgudane å spela på lag med arrangørane. Årdalsbandet System gjorde ein melodiøs konsert og vokalist Frida Tryti Hunsammer song vekk regnet. Med DDE blir det naturlegvis meir "Rai Rai" - til stort engasjement frå publikummet.

– Det var enormt bra når DDE kom på scena. Dei hadde eit heilt konsept rundt konserten sin med ei forteljarstemma som starta det heile. Folket heiv seg på allsong på alle låtane, så sjølv om det er vanskeleg å trekkja fram eitt høgdepunkt , må eg seia DDE viste kor utruleg bra dei er live, seier Skjerdal.

Laurdag var det fint, lettskya vêr heile kvelden. Eirik Sognnes & Heil Ved sparka kvelden i gang, Kjartan Lauritzen følgde før Katastrofe fekk lada opp publikummet til kveldens trekkplaster - Sandra Lyng.  

– Me har vore heldige heile helga. Vêret kunne absolutt ha vore verre fredag, og laurdag var det riktig fint.

Les også: Billettsalet går som ein vind

Svoltne festivaldeltakarar

Med til saman 2400 besøkjande sette dei ny publikumsrekord igjen - opp heile 600 frå i fjor. Skjerdal fortel at det store oppmøtet ikkje førde til logistiske problem.

– Me visste det ville koma mange fredag, så me hadde endra litt på strukturen i heile festivalen. Det var meir kvalitet i alle ledd og systemet med Mcash og bongar fungerte svært godt. Borgundspuben hadde fleire tappetårn i ølteltet, så der var det ikkje kø. Heller ikkje ved inngangen hadde me noko kø å snakka om. I matteltet måtte nok folk venta litt, men det har rett og slett å gjera med at det tek tid å laga maten me serverer.

Nøgde: Maritha Skjerdal og Torgeir Skjerdal i arrangørkomiteen er svært nøgde med årets Jordeplerock.
Nøgde: Maritha Skjerdal og Torgeir Skjerdal i arrangørkomiteen er svært nøgde med årets Jordeplerock.

På menyen stod mellom anna innbakte jordepler, ein tallerken med mykje forskjellig - "Storkar" - og jordeplepinnar. Skjerdal fortel det fall i smak.

– Me laga mat torsdag så me rekna med det ville vera meir enn nok for heile helga. Då fredagen var omme var det heilt tomt, så me måtte starta med ny matlaging laurdag morgon. Og alt me laga då gjekk med, det også. Me må berre takka alle dei fantastiske frivilljuge me har med oss - over femti stykk. Og samarbeidspartnarane våre. Det er dei frivilljuge og samarbeidspartnarane som gjer at dette går rundt.

Jordeplerock for femte gong

– Med ein slik publikumsauke må de kanskje utvida festivalområdet til neste år?

– Me utvida til i år pg må kanskje utvida igjen, ja. For når me når taket ein kveld og nesten den andre kvelden er det potensiale for å utvida. Og må me også sjå på strukturen enno ei gong så det også går knirkefritt med enno fleire folk.

– For det blir Jordeplerock neste år?

– Morosamt at du spør, for kvart år har me sagt at det blir ikkje noko neste år. Så har det gått nokre veker og me startar planlegginga likevel. I år vil eg seia allereie no at eg føler meg ganske sikker på at det blir Jordeplerock for femte gong. Eg veit ikkje heilt kva dei andre arrangørane tykkjer om at eg seier det slik her og no, men eg har no bestemt meg.

Natt til søndag var det nokre tilfeller av overstadig berusa personar og tilløp til krangel, samt herverk på offentlege toalett. Skjerdal påpeiker at desse hendingane skjedde utanfor festivalområdet, og at han meiner dei takla det bra.

– I tillegg til vakter inne på festivalområdet har me også vakter som patruljerer utanfor. Det er ikkje noko me må ha fordi me strengt tatt ikkje har ansvar for det, men me føler eit ansvar og difor gjer me det. Så når me har vakter som plukkar opp folk utanfor området vårt fordi dei ikkje har det heilt bra og tek dei med inn i Røde Kors-teltet vårt for å gje den hjelpa dei treng, føler eg me er proaktive. Me har eit svært godt samarbeid med Røde Kors og politiet, og etter dei attendemeldingane eg har fått vart ingen skadde.

 

Til toppen