MULTINASJONALT: I år er det 25 år sidan den første testcella vart starta på det nye teknologisenteret på Hydro Årdal. Administrativ leiar Tone Mæle påpeiker at det er ein multinasjonalt kompetansearbeidsplass. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
MULTINASJONALT: I år er det 25 år sidan den første testcella vart starta på det nye teknologisenteret på Hydro Årdal. Administrativ leiar Tone Mæle påpeiker at det er ein multinasjonalt kompetansearbeidsplass. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

25 år med teknologiutvikling i Årdal

Den 21. januar i år var det nøyaktig 25 år sidan den første testcella på eit ombygd og nytt Referansesenter ved Hydro i Årdal vart starta.

Årdal: Under ein månad seinare fatta Hydro ei formell byggjebeslutning for ein teknologipilot på Karmøy med teknologi utvikla nettopp her i Årdal.

Piloten skal verifisere verdas mest klima- og energieffektive teknologi for produksjon av aluminium. Ambisjonen er å redusere energiforbruket med rundt 15 prosent per kilo aluminium produsert og med dei lågaste CO2-utsleppa i verda.

Historia til Teknologisenteret i Årdal slik me kjenner den i dag, byrja i 1990, men ein reknar starten frå då den første testcella vart starta på Referansesenteret i januar 1991. 

– Teknologisenteret vidareførte eit forskings- og utviklingsmiljø som tilhøyrte Årdal Verk med historie tilbake til 1960-talet. Miljøet i Årdal utvikla og bygde forsøksomnar allereie på 70-talet og testa ut cellene som seinare blei sett i drift i Høyanger og i Venezuela, Venalum, på 80-talet. Me står på skuldrane til generasjonar før oss. Me vidarefører eit sterkt forskingsmiljø på primærmetallproduksjon som er bygd opp i Årdal over lang tid, seier administrativ leiar, Tone Mæle. 

Diskusjon om lokalisering

Frå denne januardagen i 1991 må ein gå nokre få år tilbake. 1. september 1986 vart Hydro Aluminium som aluminiumselskap etablert. Då tok Norsk Hydro over aksjane til Årdal og Sunndal verk (ÅSV). Den gongen hadde Hydro allereie eit eige forskingssenter på Herøya i Porsgrunn.

– Dette forskingssenteret støtta Hydro sitt verk, som då berre var på Karmøy. ÅSV hadde forsking knytt til elektrolyse og karbon i Årdal. Dette skulle støtte og utvikle teknologi for Sunndal, Høyanger og Årdal. 

Artikkelen held fram under biletet.

DISKUSJON: Då Hydro Aluminium vart etablert, vart det ein diskusjon om teknologisenteret skulle liggja i Årdal, fortel senioringeniør Albert Berveling.
DISKUSJON: Då Hydro Aluminium vart etablert, vart det ein diskusjon om teknologisenteret skulle liggja i Årdal, fortel senioringeniør Albert Berveling.

– Då Hydro Aluminium som selskap blei etablert, blei det ein diskusjon på kor forsking og utvikling på elektrolyse og karbon skulle liggja sidan Hydro allereie hadde eit vel anerkjend senter i Porsgrunn. Det vart bestemt at det skulle liggja i Årdal, og aluminiumsdelen av eininga i Porsgrunn vart seinare ein del av Teknologisenteret, fortel senioringeniør Albert Berveling. 

Kompetansearbeidsplass

I dag heiter teknologiorganisasjonen Primary Metal Technology (PMT) og er ein internasjonal organisasjon med hovudsete i Årdal. Totalt jobbar det 135 personar i PMT. Om lag 20 i høvesvis Porsgrunn og Neuss i Tyskland, 8 i Oslo og heile 90 i Årdal. PMT trekker på ressursar frå heile det teknologiske miljøet i Hydro og har eit utstrakt samarbeid med eksterne forskingsmiljø i Norge og internasjonalt. 

Desse 90 kompetansearbeidsplassane i Årdal består av ca 35 fagoperatørar og laborantar, 50 ingeniørar, der 18 av desse har doktorgrad, samt administrasjon. Her finn ein alt frå kjemikarar, fysikarar og ekspertar innan kybernetikk og metallurgi for å nemne noko. Dei som jobbar her kjem frå ti ulike nasjonalitetar. For mange har teknologi vore ein inngangsport til ein vidare karriere i Hydro. Fleire  av leiarane i Hydro i dag, har starta karriera si i PMT.

Artikkelene held fram under biletet.

KOMPETANSE: Avdelinga i Årdal er den desidert største med 90 tilsette. Dette er absolutt ein kompetansearbeidsplass.
KOMPETANSE: Avdelinga i Årdal er den desidert største med 90 tilsette. Dette er absolutt ein kompetansearbeidsplass.

Det er ikkje berre elektrolyse dei jobbar med i PMT. Dei har også ei karbongruppe som jobbar med teknologiutvikling innan anodeproduksjon. Ved sidan av teknologiutvikling, er driftstøtte til Hydro sine fabrikkar ei hovudoppgåve for PMT.

– Me er stolte over at PMT nå bekreftar posisjonen sin som aluminiumsindustriens leiande teknologimiljø. Den banebrytande HAL4e-teknologien som skal vidareførast i teknologipiloten på Karmøy, er utvikla og verifisert på Referansesenteret i Årdal sidan 2008, seier Mæle stolt.

Tillit

Leiinga i Hydro viser med dette stor tillit til PMT som stadig rekrutterer inn nye ingeniørar. Då dei nyleg lyste ut ledige plassar til såkalla internship, var det 250 søkjarar. 

At teknologiorganisasjonen og referansesenteret har vore så tett knytt opp til verket har vore eit av hovudargumenta til at hovudsetet er Årdal. Her er testcellene fysisk kopla på straumsløyfa til verket, og leverer metall til støyperia. At teknologiutvikling og produksjon går hand i hand, er ein fordel for begge parter.

Artikkelen held fram under biletet.

REKRUTTERER: Teknologisenteret rekrutterer stadig. Då det vart lyst ut plassar til såkalla internship, var det 250 personar som søkte på plassane i Årdal.
REKRUTTERER: Teknologisenteret rekrutterer stadig. Då det vart lyst ut plassar til såkalla internship, var det 250 personar som søkte på plassane i Årdal.

Teknologisenteret i Årdal er som ein liten fabrikk i fabrikken. På Referansesenteret jobbar det operatørar på vanleg femskiftordning. Dessutan finst det laboratorium for analyse og testing. Det er klart det betyr mykje for Årdal som samfunn og for fabrikken at dette teknologimiljøet er lokalisert her.

– Det mest opplagte er jo at me er ein stor arbeidsplass, og at me rekrutterer nye innbyggjarar til kommunen. I fjor byrja det 6 nye ingeniørar i PMT. Like mange er tilsette og skal byrje i 2016. Alle desse er tilflyttarar til Årdal og nokon har også familie. Det er eit godt bidrag til innbyggjartalet og mangfaldet i kommunen, seier Mæle.

– For Årdal Metallverk er me eit miljø med lang tids erfaring frå utvikling av karbon- og elektrolyseteknologi. Mange av leiarane ved Årdal Metallverk har kome frå PMT og nokon av våre kollegaer har vore ute i driftsavdelingar og kome tilbake. Dette gir fleire karrierevegar og er ei nyttig utveksling av kompetanse for begge parter. Me kan også gjera nytte for oss på verk når dei har problem, legg Berveling til og viser til straumutfallet i slutten av januar. Då kom folk strøymande til også frå deira organisasjon.

Utviklar stadig ny teknologi

Sidan 1990 har teknologimiljøet utvikla, verifisert og levert elektrolyseteknologi som er realisert på Sunndalsøra med 340 celler og til Qatalum i Qatar med 704 celler. Den gongen var dette den største investeringa utanfor Noreg. Før dette igjen blei det utvikla teknologi til Slovalco i Slovakia.

Artikkelen held fram under biletet.

SATSAR: Hydro satsar no over 4 milliardar kroner på ein pilot på Karmøy med teknologi utvikla i Årdal. HAL4e-teknologien er det ingen i verda som har sett maken til.
SATSAR: Hydro satsar no over 4 milliardar kroner på ein pilot på Karmøy med teknologi utvikla i Årdal. HAL4e-teknologien er det ingen i verda som har sett maken til.

– Ei anna viktig oppgåve som PMT har, er å sørge for at ny teknologi som vert utvikla også kan komme dei eksisterande fabrikkane til gode, både i Norge og internasjonalt. Difor er det eit stort fokus på å implementere nye teknologielement på fabrikkane. Slike spin-off effektar vil auke produksjonen og redusere kostnadane ved eksisterande verk, seier Mæle vidare og overlet ordet til kollegaen.

– Ja, når me lagar ny elektrolyseteknologi, det vil seia ein elektrolyseomn, så er det mange teknologielement her som ein kan putte inn på gamle celler og optimalisere dei. På den måten kan gamle omnar yta betre.

Stolte over Karmøy-piloten

Men på Karmøy skal det byggjast ein heilt ny fullskala teknologipilot med banebrytande teknologi som ingen i verda har klart tidlegare. Då dette kom fram for om lag eit år sidan, jubla stortingsbenken til Rogaland, men då var statsminister Erna Solberg rask med å presisere at teknologien er utvikla i Sogn og Fjordane – i Årdal.

– Me er veldig stolte. Piloten synleggjer teknologien og kompetansemiljøet som har utvikla dette, seier Mæle. Bak dette står det mange flinke folk, kreative idear, innovasjon og nytenkning og ikkje minst samarbeid. Me tek teori over i praktiske løysingar.

– Me feirer teknologipiloten, men kviler ikkje lenge på laurbæra. PMT er allereie i gang med å utvikle neste generasjon elektrolyseteknologi. Det er sett ambisiøse mål som skal vere med på å gjere Hydro enda betre, større og grønare.

Satsar i Noreg

Men medan dei jublar for dette på teknologisenteret og det er ein generell tilfredsheit ved at Hydro investerer i Noreg, skulle den jamne årdøl helst ha sett at teknologien vart nytta i Årdal. 

– Me bur i Årdal, men jobbar for Hydro, som er eit globalt selskap. Som privatperson ville eg sjølvsagt seia at det er gjevast å få bygd noko i det samfunnet me bur i, men objektivt sett for den rolla me har, er det viktig at det vert bygd, og at det vert bygd i Noreg. Det vil gi viktig læring og ringvirkningar som alle verk i systemet vil kunne dra nytte av, seier Berveling.

Til toppen