25-årsjubileum for Avdalen som turiststad

Denne helga jubilerte stiftinga og synte fram alt ein har fått til på dugnad i Avdalen desse åra. Sjå utviklinga i bilete!

Årdal: – Det var eit forferdeleg stort prosjekt. Heilt vilt å starta på, eigentleg, fortel Petter Løvdahl, leiar i stiftinga Utladalen Naturhus.

For stort?

Søndag feira dei 25 år med Avdalen som turiststad. Eit tjuetals inviterte var først oppe på høgdegarden og såg på det flotte tunet som i 1991 framstod som eit heller trist skode. Deretter gjekk dei ned til Utladalen Naturhus og fekk ei historisk reise gjennom utviklinga som har skjedd sidan då. Løvdahl og Rigmor Solem frå SNO (Statens Naturoppsyn) - som også sit i stiftinga, synte fram bilete frå synfaringa i 1991 som var startskotet for det heile, fram til i dag.

– Det var diskusjon i styret i Årdal turlag kor vidt dette var for stort å starta med. Men til slutt kom me fram til at me ville gå for det, fortel Løvdahl.

Dermed starta ei lang, lang rekkje av delprosjekt - noko nytt vart restaurert, oppgradert eller tilrettelagd kvart år. Fjøsen blei hovudhus og kunne husa overnattingsgjester, løa sanitæranlegg, kvernhuset vart restaurert, turkestova vart "bruresuite", fleire eldre løer restaurerte dei gjennom laftekurs og bakkemurar kom opp att som dei hadde vore i fjern fortid.

– Noko av det første me gjorde var å grøfta fordi det rann frykteleg mykje vatn der, fortel Løvdahl.

Dramatikk i 2003

Dei ulike husa vart restaurerte etter kvart, men allereie i 1992 opna dei for overnatting i Avdalen. Då ein kom til 1995 var fleire hus på plass, og då stod området rundt for tur.

– Me byrja å få eit fantastisk tun i eit attgrodd område. Så då starta me med skjøtsel, seier Solem.

I 1998 kom turkestova opp og samstundes starta dei med Fjøsblues i Avdalen. Den nye løa kom på plass i 2002 og vart nytta som overnattingsplass. Så, året etter, utspelte det seg aldri så lite dramatikk i Avdalen.

– Då skjedde det noko. Eine hjørnet av muren på fjøsen ramla ut. Me skulle arrangera fjøsblues nokre veker seinare. Så me fekk opp att muren mellombels og køyrde fjøsblues så det rista i golvet. Etterpå starta me jobben med å laga ny fjøs, fortel Løvdahl.

– Ikkje sjanse utan dugnadsanda i Årdal

Etter kvart starta dei også styrt beite med sau. Til då hadde geiter vorte brukt som beitedyr i Avdalen, men det var ikkje berre greitt.

– Dei gjekk som dei ville og kunne hamna innst i Stølsmaradalen eller ved Isvatnet. Sauer kunne me derimot halda innanfor gjerde i området rundt tunet slik at dei beita  ned der me ville det, fortel Solem.

Det siste store prosjektet har vore restaurering av husmuren under fjøsen, noko sherpaer frå Nepal har stått for. Dermed kan Løvdahl sjå tilbake på ei 25 år lang historie som har utvikla eit idyllisk og svært populært tun på høgdegarden.

– Utan dugnadsanda i Årdal hadde det ikkje vore sjanse. Det året me bygde fjøsen snakka me om 1600 timar. Elles har det vore 600-800 timar i året. Me har vore utruleg samansveisa - difor har det gått så godt som det har. Det unike er at heile tunet har kome opp att. Og nokre av husa har ikkje vore der på veldig lenge. Til dømes opplevde ikkje mor mi at det var turkestove der, og ho var fødd i 1912, seier Løvdahl.

– Minst like bra dei neste 25 åra

Årdal kommune var representert ved Marie-Helene Hollevik Brandsdal. Ho gav stiftinga ei gåve på 10 000 kroner.

– Eg er så heldig at både ordførar og varaordførar er på reis så eg fekk koma - her likar eg meg veldig godt. Dette er ein plass heile bygda er utruleg stolte av. Eg har teke med meg mange frå min eigen familie som bur andre stader, og dei seier dei blir glade når dei kjem til Avdalen.

Rigmor Solem frå SNO avslutta den historiske reisa slik:

– Så håpar me det går minst like bra dei neste tjuefem åra.

 

Til toppen