FÅR STØTTE: Aurland kommune får 250.000 klimasatskroner til å starte eit forprosjekt på eit biogassanlegg. – Sjølve produksjonen i eit biogassanlegg gir avgrensa arbeidsplassar, men det blir ein kunnskapsarena for nye typar arbeidsplassar, seier Inge Håvard Aarskog, næringssjef i kommunen. Foto: Aurland kommune. 
FÅR STØTTE: Aurland kommune får 250.000 klimasatskroner til å starte eit forprosjekt på eit biogassanlegg. – Sjølve produksjonen i eit biogassanlegg gir avgrensa arbeidsplassar, men det blir ein kunnskapsarena for nye typar arbeidsplassar, seier Inge Håvard Aarskog, næringssjef i kommunen. Foto: Aurland kommune. 

250.000 kroner til biogass-prosjekt i Aurland

Miljødirektoratet gir til saman 1.335.000 klimasatskroner til sju ulike prosjekt i Sogn og Fjordane.

Aurland: Blant desse er eit forprosjekt på biogass i Aurland. Som Porten.no har omtalt tidlegare, er planen å gå i gang med eit forprosjekt for eit biogassanlegg i Aurland.

– Me har prioritert ambisiøse prosjekt som gir reelle utsleppskutt på kort sikt, eller som er eit vesentleg skritt på vegen til lågutsleppssamfunnet, seier miljødirektør Ellen Hambro i ei pressemelding.

– Dei er ambisiøse fordi kommunane set seg høge mål for å redusere utslepp og går ut over kva lover og reglar krev av dei. På den måten blir kommunane ein pådrivar i klimaarbeidet, og erfaringane blir nyttige for andre kommunar.

Gjera eit problem om til noko med stor nytteverdi

Målet med prosjektet i Aurland er å nytta det som er eit problem i dag til noko med stor nytteverdi.

Gjødsel og organisk avfallsstoff frå gardsdrift og besøksnæringa som til dømes kloakk frå båtar, kommunale anlegg med vidare kan produsera straum og varmt vatn frå biogass. Med oppgradering kan også gassen nyttast til transport.

Ei kopling mellom kommune, næringsaktørar og Sogn jord‐ og hagebruksskule vil kunne gje grunnlag for eit biogassanlegg i Aurland som løyser deler av utfordringane med avfall og transport, og kan gje ein positiv miljøgevinst i form av auka lokalprodusert energi i kommunen og redusert utslepp av klimagassar.

– Sjølve produksjonen i eit biogassanlegg gir avgrensa arbeidsplassar, men det blir ein kunnskapsarena for nye typar arbeidsplassar. Det er eit bidrag til å posisjonera Aurland endå meir som ein plass der ein møter det kundane etterspør i form av miljøvenlege produkt og ein grøn profil. I tillegg løyser det utfordringar ved at avfall blir brukt på ein nyttig måte, sa næringssjef i Aurland kommune, Inge Håvard Aarskog, til Porten.no då.

Kommunane Eid, Gloppen, Jølster, Stryn og Luster får støtte, i tillegg til Sogn og Fjordane fylkeskommune. Søknaden frå Jølster er i samarbeid med kommunane Førde, Naustdal, Gaular og Flora kommune

Til toppen