KØYRTE UT: Det var i morgontimane fredag at politiet vart varsla om ulukka som skjedde på E16 ved Kvitt mellom Aurland og Flåm. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
KØYRTE UT: Det var i morgontimane fredag at politiet vart varsla om ulukka som skjedde på E16 ved Kvitt mellom Aurland og Flåm. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes / Arkiv)

28-åring omkom i ulykke

No har politiet frigitt namnet på den omkomne.

  • Endret

​Klokka 13.30 frigav politiet namnet på den omkomne sjåføren. 28-åringen er Steffan Lunde, opphaveleg frå Lærdal, men busett i Årdal. 

Det var i morgontimane fredag rundt 07.30 at politiet vart varsla om ulukka på E16 ved Kvitt mellom Flåm og Aurland.

Alle naudetatane rykka ut, og det vart slått fast at eit vogntog hadde køyrt ned rekkverket, fall 15 til 20 meter og låg i skråninga mellom vegen og sjøen.

Førarhytta på trekkvogna hadde store skadar, og i førarhytta vart ein person funnen død.

Den omkomne køyrte vogntoget frå ei bedrift i Indre Sogn, opplyser lensmann Knut Arne Klingenberg til NRK Sogn og Fjordane.

– Det er eit vogntog som har komme frå Aurland. Det starta i Årdal tidlegare i dag og var på tur mot Flåm. I ein sving har vogntoget køyrt ut og ligg på nedsida av vegen.

Til toppen