FEKK STØTTE: Sogn og Fjordane er tildelt 24 millionar kroner til breiband. Det betyr at prosjektet på Veitastrond i Luster får pengar. (Foto: Olav Skarsbø/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

3,4 millionar kroner til breibandsprosjekt i sognekommune

Sogn og Fjordane får ei ny storsatsing på breiband. Dei 24,1 millionane fylket får tildelt frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) løyser ut nye millionar frå både fylkeskommunen og kommunane.

Luster: I Luster betyr det at breibandsprosjektet på Veitastrond og Mollandsmarki får 3,4 millionar kroner. Det melder fylkeskommunen i ei pressemelding.

Innbyggjarane i bygdene som no får breiband, må òg bidra med eigne midlar eller dugnad i samband med den føreståande utbygginga. Det betyr at når leverandørane går inn med sin del, fylkeskommunen og kommunane sin og innbyggjarane sin, så skal det byggjast ut breiband for over 60 millionar i Sogn og Fjordane. Det gir minst 1900 husstandar breiband med god kapasitet.

– Dette er gledeleg, og det er ei stadfesting på at koordineringsjobben me gjer gjennom IT-forum og fylkeskommunen gjer ein skilnad, seier styreleiar i IT-forum, Gunnar Hæreid og fylkesdirektør for næring og kultur, Jan Heggheim.

Vestlandsforsking har også vore med i søknadsarbeidet, og forskingsleiar Ivar Petter Grøtte meiner samarbeidet er essensielt for å få store tildelingar til Sogn og Fjordane. 

– Fylkeskommunen, IT-forum og Vestlandsforsking har jobba med søknaden i lang tid. Tildelinga er eit godt døme på at vi oppnår gode resultat når forvaltning, forsking og næringsliv samarbeider, slår Grøtte fast.

I staden for at kvar einskild kommune har sendt inn sin eigen søknad, har ein samla ressursane og søkt saman. Dei tildelte midlane går til bygder og område som har eit dårleg breibandtilbod, og som ikkje er kommersielt lønsame å byggje ut for leverandørane.

– Samarbeidet har fungert veldig bra. Eg trur det er ein avgjerande faktor, seier Heggheim og gjev honnør til kommunane for det gode samarbeidet.

Fylkestinget vedtok i april 2016 ein ny breibandstrategi for fylket. Målet er at alle bedrifter og innbyggjarar i Sogn og Fjordane skal ha tilgang til eller ha prosjekt for å etablere andre generasjon breiband innan 2020. Strategien er fylkeskommunal, men er avhengig av statleg støtte for å bli realisert.

Til toppen