INNTEKTSAUKE: Sparebanken Sogn og Fjordane melder om eit resultat for 1.kvartal 2019 med på på 282 millionar kroner, ein auke på 33 millionar frå same kvartal i fjor.
INNTEKTSAUKE: Sparebanken Sogn og Fjordane melder om eit resultat for 1.kvartal 2019 med på på 282 millionar kroner, ein auke på 33 millionar frå same kvartal i fjor. (Foto: Sparebanken Sogn og Fjordane)

33 millionar auke i første kvartal for Sparebanken Sogn og Fjordane

I rapporten frå første kvartal melder banken om inntektsvekst og låge tap.

Indre Sogn: Sparebanken Sogn og Fjordane hadde i første kvartal ei inntekt på 282 millionar kroner, som er 33 millionar auke samanlikna med i fjor, går det fram av ei pressemelding.

Dette har samanheng med eit godt resultat frå mellom anna finansielle investeringar, vekst i netto renteinntekter og låge tap på utlån melder banken.

– Vi har fått ein god start på 2019, seier administrerande direktør Trond Teigene.

Generasjonsskifte

Sparebanken Sogn og Fjordane melder at dei står midt i eit stort generasjonsskifte. Dei har tilsett 60 nye personar over dei tre siste åra, som erstattar tilsette som har gått av med pensjon. Det medfører betydelege omstillingar.

– Det er fullt mogleg å gjennomføre omfattande fornying av organisasjonen, og samstundes levere vekst og gode resultat, seier Teigene og held fram:

– Den sterkast veksande aldersgruppa i verda i dag er dei over 65 år, og dette treff Sogn og Fjordane med tyngde. Éin av fire arbeidstakarar når pensjonsalder innan fem – seks år, difor er rekruttering fylket si største utfordring dei neste åra. Banken er likevel eit døme på at det er mogleg å møte denne utfordringa.

Hovedlinjer 1. kvartal 2019:

Tala i parentes er frå første kvartal i 2018.

• Netto renteinntekter 220 mill. kr (210 mill. kr)

• Resultat finansielle instrument 30 mill. kr (9 mill. kr)

• Driftskostnader 122 mill. kr (114 mill. kr)

• Tap på utlån 1 mill. kr (8 mill. kr)

• Totalresultat 126 mill. kr (97 mill. kr)

• Eigenkapitalavkastning 10,8 % p.a. (9,0 % p.a.)

• Kapitaldekningsprosent 18,2 % (17,8 %)

Til toppen