37 millionar i spelemidlar til Sogn og Fjordane

37 millionar i spelemidlar til Sogn og Fjordane

– Dette er svært gledeleg for idretten.

Regjeringa har løyvd 37 millionar kroner av spelemidlane til Sogn og Fjordane. Det er om lag ni millionar meir enn i 2014. 

Spelemidlane vert fordelt i juni og skal gå til anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv i heile fylket.

– Dette er svært gledeleg for idretten i fylket. Det gode resultatet kjem av systematisk arbeid med kvalitetssikring av søknadane.

– Fylkeskommunen har dei siste åra samarbeidd med idretten, lokale lag og organisasjonar og kommunar for å få fram gode søknader til ordninga, seier fylkesdirektør for kultur Ingebjørg Erikstad. 

I år er det 246 søknader om spelemidlar, noko som er ein auka frå 189 i fjor og også ny rekord. 2. juni skal hovudutvalet for kultur fordele desse.

– Det skal bli ein fryd å legge fram denne saka, seier Erikstad. 

For nærmiljøanlegg (anlegg for eigenorganisert aktivitet) er det dobbelt så mange søknader i 2015 som i 2014, og variasjonen er større.

– Det er fleire anlegg for tennis, basket, sykkel-løyper og sandhandball. Det er òg nytt at me har fått inn søknadar til utandørs handballbaner, noko me ikkje har i fylket frå før, seier Erikstad.

Til toppen