MÅLBONANZA: Først skåra Årdal FK tre raske mål, så reduserte Kaupanger til 3-3. Fem minutt før kampslutt sette Anders Lereng inn sitt andre mål for kvelden, og sørga dermed for at Årdal FK stakk av med sigeren.
MÅLBONANZA: Først skåra Årdal FK tre raske mål, så reduserte Kaupanger til 3-3. Fem minutt før kampslutt sette Anders Lereng inn sitt andre mål for kvelden, og sørga dermed for at Årdal FK stakk av med sigeren. (Stig Laberg Ovstetun)

Anders Lereng med avgjerande skåring etter nervepirrande andreomgang

Vertane var det klart beste laget i fyrste omgang og skåra heile tre mål på 23 minutt. Men så reduserte gjestane til 3-3.

Årdal FK - Kaupanger 4-3

Årdal: Tjue minutt før kampslutt var stillinga 3-3. Så kom Anders Lereng med sitt andre mål for kvelden og sørga for siger til Årdal FK.

Etter denne kampen ligg Årdal FK på toppen av tabellen med 14 poeng etter sju kampar. Like under er Fjøra med 13 poeng på fem kampar. Kaupanger har spelt seks kampar og ligg på tredjeplass med 12 poeng.

Kampreferat frå liveoppdatering

I dag kunne du følgje kampen live på Porten.no.

20.48. Slutt

20.45. Me er på overtid og Kaupanger flyttar fram alt dei har.

20.43. Anders Lereng blir kåra til banens beste for heimelaget.

20.40. MÅÅL! 4-3. Anders Lereng med sitt andre mål for kvelden. Ein stuss frå Loftheim gjer at Lereng kjem igjennom. Etter litt klabb og babb, set Lereng den forbi keeepr. God prestasjon av Lereng!

20.35. Kaupanger med intiativet når der gjenstår 10 minutt! Årdal må opp eit hakk om dei skal få med seg  få med seg poeng frå kampen.

20.31. Mykje duellspel for øyeblikket, noko som passar Kaupanger bra. Marius Loftheim kjem inn for heimelaget, medan Terje Øvstetun går ut.

20.24. MÅÅL!! 3-3. Eit langt frispark landar på hovudet til Øystein Riksheim Østvik som header den fint til side for keeper. Begge laga er like langt, med tjue minutt igjen å spela.

20.20. Mykje upresist frå begge lag. Slår til tider veldig enkelt vekk ball.

20.14. Ikkje mykje som har skjedd så langt i andre omgang. Årdal med det meste av spelet, utan at dei skapar det store.

20.02. Nicolai Laberg ut med skade for heimelaget. Håpar det ikkje er alvorleg. Inn kjem Sander Øvstetun. Patrick Patanakarun har også komme inn i bytte med Johnny Hagen.

20.00. Andre omgang i gang.

19.46. Laga tar pause etter at Kaupanger brenn ein ein god sjanse! Alt i alt fullt fortjent at Årdal er i føringa, har stort sett styrt alt som skjer utpå her. Kaupanger har vore svært effektive og straffa Årdal hardt. Ser ut til at me får ein spennande andre omgang i vente.

19.45. MÅÅL!! 3-2. Årdal med ein stygg feil i bakre firar. Kaupanger kjem 2 mot 1 og til slutt får Severin Halland sett ballen i mål aleine med keeper. Ny spenning i kampen!

19.44. Ikkje mykje som skjer på bana for øyeblikket. Årdal med ballen og skapar til tider nokre halvsjansar.

19.35. MÅÅL! 3-1. Redusering av gjestene. Etter litt klabb og babb, set Sindre Rørvik den roleg forbi keeper. Kan Kaupanger komme tilbake?

19.25. Drikkepause i varmen på Jotun Stadion. Denne pausen må Kaupanger bruke godt.

19.23. MÅÅL! 3-0. Årdal med ein fantastisk scoring. Terje Øvstetun med eit nydeleg innlegg, som Lereng headar inn bak ein sjanselaus keeper. Dette ser bra ut for Årdal.

19.19. Berre eit lag på bana foreløpig. Dette kan bli stygt, dersom Kaupanger ikkje hevar seg nokre hakk.

19.14. MÅÅL!! 2-0. Årdal doblar ledelsen etter nok ein corner! Johnny med ein god heading som keeper må gje retur av. Der står Mannsverk og header den enkelt inn i mål. 

19.09. MÅÅL!! 1-0. Årdal går opp i leiinga etter ein corner. Ballen havnar hos Skilbrei som klinker den inn fra 5-meters hold. God start for heimelaget.

19.00. Kampen er igang.

  • For ordens skyld: journalist i denne saka er Sivert Mannsverk. Han spelar idag for Sogndal Fotball. Bror hans, Simen Mannsverk, spela for Årdal FK under denne kampen.
Til toppen