GULEN: Eivindvik barnehage og skule
GULEN: Eivindvik barnehage og skule (Foto: Vilde Grimelid Oppedal)

40 elevar ved Eivindvik skule i karantene

Førre veke måtte heile ungdomstrinnet på Eivindvik skule i karantene etter at ein lærar testa positivt for korona.

Gulen: – No har alle blitt testa og prøvane har blitt køyrde til Bergen med taxi, seier ordførar i Gulen, Hallvard Oppedal til Firda

Han fortel at læraren testa seg etter å ha kjent symptom. Testen kom tilbake positiv, men smitten har kome frå utanfor kommunegrensene. Det er fortsatt ukjend kvar smitten kjem frå. 

Om lag 40 elevar frå 8–10 klasse på skulen er sette i karantene, sidan den smitta læraren hadde undervist alle. I tillegg til elevane, hadde læraren éin annan nærkontakt. 

Elevane får no heimeundervising. 

– Dei får undervisning på nett som tidlegare i år, eller oppgåver som dei gjer heime, seier ordføraren. 

Dersom alle koronatestane viser seg å vere negative, kan elevane vende tilbake til skulebenken neste veke. 

Til toppen