40 par flittige hender laga julepynt og julegåver

Ved Ljøsne skule tek elevar, foreldre og lærarar juleverkstad seriøst - måndag kveld var rundt 100 med stort og smått i sving med å laga juledekorasjonar.

Lærdal: – Det er veldig gøy. Eg har laga ein liten stoffnisse og så plar eg å sy julehjarter, seier Mathilde Tønjum (11) medan ho er i ferd med å leggja grått filt over enden på ei kongle.

Denne kvelden blir valnøttskal og kongler til myser eller rotter, filt og stoff til nissar, julehjarte og juletre og lerkegreiner til dørdekorasjonar på Ljøsne skule.

Den storstilte produksjonen går føre seg på fire avdelingar. Elevane går frå klasserom til klasserom for å laga små kunstverk, medan foreldre, besteforeldre og lærarar sit på dei ulike postane for å hjelpa til. 

– Greitt med påfyll av pynt i heimen

– Det er påmeldt førti elevar og like mange vaksne. I tillegg har nokre kome etterpå og spurt om dei kan vera med. Fleire har også med seg yngre søsken, tanter og onklar, så det er nok rundt hundre her i dag. Det er så kjekt at me kan vera saman slik på tvers av generasjonar, seier rektor Eva Hage Solstad.

Noko av det elevane lagar hamnar i vindauge og på bord heime hjå dei sjølve, andre ting blir julegåver.

– Det blir litt begge deler, ja, seier Mathilde Tønjum som går i 6. klasse.

– Du har jo laga julepynt her på juleverkstaden ein del år, det må no bli ganske fullt heime etter kvart?

– Me har ein del, ja - men så er det ikkje alltid me finn alt att, så det er greitt med påfyll.

Mathilde får hjelp av ein av dei dei vaksne, Olav Ødegård, med liminga så konglemusa kan ferdigstillast.

– No skal eg laga til-frå-lappar, seier ho.

Artikkelen held fram under biletet

​LITT HJELP: Mathilde Tønjum får ei hjelpande hand av Olav Ødegård med liminga når kongla skal bli til rotte.
​LITT HJELP: Mathilde Tønjum får ei hjelpande hand av Olav Ødegård med liminga når kongla skal bli til rotte.

–  Noko av det hyggelegaste i førjulstida

Cecilie Lyche Christiansen har born både i i 1. og 3. klasse og hjelper til med å klippa ut filt. Ho fortel borna gler seg til juleverkstad på skulen.

– Veldig. Dette er noko av det hyggelegaste i førjulstida. Og stemninga er så god her. At lærarane stiller opp slik på kveldstid må dei rosast for. Og det blir jo så mykje fint - så fint at ein nesten ikkje kan gje det bort.

– Du treng vel ikkje handla julepynt på Nille i år?

– Nei, eigentleg ikkje. 

Sara Kleberg (8) i 3.klasse sit ved sidan av - ho har hatt ein produktiv juleverkstad.

– Eg har laga rotte, mus og ein slik flaske-ting-tang eg ikkje hugsar namnet på. Så har eg laga ein konglenisse og skal no laga eit hjarta.

Artikkelen held fram under biletet

FIN STEMNING: Cecilie Lyche Christiansen tykkjer juleverkstaden på Ljøsne skule er noko av det kjekkaste i heile førjulstida. Sara Kleberg (8) har vore produktiv denne dagen.
FIN STEMNING: Cecilie Lyche Christiansen tykkjer juleverkstaden på Ljøsne skule er noko av det kjekkaste i heile førjulstida. Sara Kleberg (8) har vore produktiv denne dagen.

– Eit lokalsamfunn som set pris på skulen sin

Rektor Hage Solstad fortel det også er litt spenning med å ha foreldra vakande rundt.

– Elevane håpar gjerne foreldra skal halda seg på andre avdelingar så dei ikkje ser kva som blir laga av julegåver.

– Dei fleste skular har vel juleverkstad, men de ser ut til at de gjer litt ekstra ut av det?

– Jau, eg trur vel kanskje ikkje det er så stort oppmøte så mange andre stader. Og det er knytt forventingar til kvelden, elevane gler seg. Så har foreldra litt betre tid enn når dei hentar til dagleg, så dei yngste elevane tykkjer det er stas å visa foreldra rundt.

For; så og seia alle elevane på skulen er med denne kvelden – utom juletrefesten er dette dagen i året med flest folk på Ljøsne skule. 

– Det har vore tradisjon for god oppslutnad på juleverkstaden. Dette er eit lokalsamfunn som set stor pris på skulen sin, seier Hage Solstad.

Til toppen