NEDGANG, SÅ AUKE: I heile perioden frå 2010 til 2015 gjekk utgiftene til fri rettshjelp ned for Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, summen vart nesten halvert frå i underkant av fire millionar kroner til i overkant av to millionar kroner. Men i 2016 vart det auke att på rundt førti prosent. Illistrasjonsfoto
NEDGANG, SÅ AUKE: I heile perioden frå 2010 til 2015 gjekk utgiftene til fri rettshjelp ned for Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, summen vart nesten halvert frå i underkant av fire millionar kroner til i overkant av to millionar kroner. Men i 2016 vart det auke att på rundt førti prosent. Illistrasjonsfoto (Foto: Illustrasjon)

40 prosent auke i utgifter til fri rettshjelp

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane utbetalte meir enn 2,8 millionar kroner til fri rettshjelp i 2016 mot to millonar i 2015

Fylket: Utlendingssaker, saker som gjeld barnefordeling og/eller skifte, og saker for Kontrollkommisjonen for psykisk helsevern utgjer mengdesakene, melder Fylkesmannen i Sogn og Fjordane på sine nettsider.

Tredobling i advokatutgifter

I utlendingssakene har Fylkesmannen utbetalt om lag kr. 1 243 000 i advokatutgifter og om lag kr. 319 000 i tolkeutgifter. Dette er ei markant auke frå 2015, då det vart utbetalte om lag kr. 434 000 i advokatutgifter og kr. 82 000 i tolkeutgifter. Auken skuldast i hovudsak ei auke i asylklagesakene, og var ei forventa følgje av asylsituasjonen.

Om lag kr. 79 000 er utbetalt i saker som gjeld felleseigeskifte eller økonomisk oppgjer etter oppløysing av husstandsfellesskap, medan om lag kr. 125 000 er utbetalt i saker som gjeld barnefordeling, samværsrett og dagleg omsorg. Om lag kr. 100 000 er utbetalt i saker som gjeld begge sakstypar.

Dette er ein nedgang frå 2015, då det vart utbetalt kr. 110 000, kr. 233 000 og kr. 205 000 i dei tre sakstypane. Det er uråd for Fylkesmannen å seie noko om årsaka til dette.

Likevel vesentleg lågare tal enn for nokre år sidan

Om lag kr. 600 000 er utbetalt til dekking av advokatutgifter i saker for Kontrollkommisjonen for psykisk helsevern, mot kr. 529 000 i 2015.

I 2015 utbetalte Fylkesmannen i Sogn og Fjordane rett i overkant av to millionar kroner til fri rettshjelp, medan talet i 2014 var på i underkant av 2,4 millionar kroner og i 2013 knappe 2,6 millionar kroner.

Såleis er 2016 året det er betalt ut mest i den siste fireårsperioden til fri rettshjelp, men i perioden 2010 - 2012 låg summen på mellom tre og fire millionar kroner, mest i 2010 med rett i unerkant av 3,9 millionar kroner. 

Til toppen