GODE PENGAR: Årdal Fotballklubb og Jotun Idrettslag var dei to laga i heile Sogn som fekk mest frå grasrotandelen i 2016. Arkivfoto: Elin Hæreid
GODE PENGAR: Årdal Fotballklubb og Jotun Idrettslag var dei to laga i heile Sogn som fekk mest frå grasrotandelen i 2016. Arkivfoto: Elin Hæreid

400 000 kroner i grasrotmidlar til årdalsidretten

Idrettslaget Jotun, Norsk Folkehjelp Årdal og Årdal Fotballklubb er dei tre organisasjonane som får mest grasrotmidlar i heile Sogn. Sjå dei fem laga og organisasjonane som får mest i kommunane Årdal, Sogndal, Lærdal, Aurland, Luster og Leikanger.

Sogn: Det er altså definitivt lag og organisasjonar frå Årdal som toppar lista over kven som mest pengar frå grasrotandelen i Sogn for 2016; alle dei tre «pallplassane» går til organisasjonar i industri- og tippebygda.

Idrettslaget Jotun toppar lista, tett fulgd av Årdal Fotballklubb og Norsk Folkehjelp Årdal. Alle dei tre får rundt 150 000 kroner kvar. Årdalstangen Idrettslag får 85 000 kroner og ligg på ein 5. plass, medan Bjørn Moens Minnefond ligg på 4. plass.

Med andre har tipparar sørga for om lag 400 000 kroner til dei to idrettslaga i bygda pluss fotballklubben til saman.

Årdal:

Lag/Organisasjon Grasrotandel 2016 i kr.
Idrettslaget Jotun 158 777
Årdal Fotballklubb 149 310
Norsk Folkehjelp Årdal 147 169
Bjørn Moens Minnefond 89 329
Årdalstangen Idrettslag 85 726

 

Her kan du lasta ned tabell og finna ut kor mykje ditt lag eller din organisasjon fekk i grasrotandel i 2016 (Lenkje nedst i artikkelen)

Og det er stort sett idretten som får dei største pengane; I Sogndal er topp tre beståande av Sogndal Idrettslag Fotball, Kaupanger Idrettslag og Fjøra Fotballklubb. På Leikanger er det Syril Idrettslag som tronar klart øvst.

Sogndal:

Lag/Organisasjon Grasrotandel 2016 i kr.
Sogndal Idrettslag Fotball 133 108
Kaupanger Idrettslag 97 145
Fjøra Fotballklubb 76 862
Sogndal Røde Kors 54 729
Veteranskibslaget Stavenes 36 884

 

Leikanger:

Lag/Organisasjon Grasrotandel 2016 i kr.
Syril Idrettslag 112 060
Leikanger MC-klubb 36 401
Leikanger Skyttarlag 28 022
Leikanger Røde Kors Omsorg  11 059
Leikanger Musikklag 3 384

 

I Lærdal, Aurland og Luster er det ikkje idrettslaga som får mest; i Lærdal får Dyrevernlaget Indre Sogn mest, medan det er Aurland Røde Kors som tronar øvst i nabokommunen i sør. For Luster sin del ser Skjolden Bridgeklubb ut til å ha nokre svært gode givarar; dei får drygt 85 000 kroner frå berre ti givarar:

Lærdal:

Lag/Organisasjon Grasrotandel 2016 i kr.
Dyrevernlaget Indre Sogn 71 267
Lærdal Idrettslag 43 428
Lærdal Røde Kors 23 854
Lærdal Ride- og Køyreklubb 20 184
Lærdal Golfklubb 18 778

 

Aurland:

Lag/Organisasjon Grasrotandel 2016 i kr.
Aurland Røde Kors 76 328
Aurland Idrettslag 68 709
Aurland Skyttarlag 35 602
Undredal Ungdomslag 18 337
Flåm Musikklag 12 837

 

Luster:

Lag/Organisasjon Grasrotandel 2016 i kr.
Skjolden Bridgeklubb 86 694
Idrettslaget Bjørn 63 690
Hafslo Idrettslag 54 388
Luster Røde Kors 56 910
Luster Idrettslag 48 886

 

Grasrotandelen fungerer slik at når ein eller ei som tippar på Norsk Tipping sine spel set seg opp som givar for eit lag eller ein organisasjon, vil laget eller organisasjonen få fem kroner av kvar hundrelapp givaren tippar for.

Totalt fekk lag og organisasjonar i heile fylket til saman vel 11,5 millionar kroner i grasrotandel i 2016.

Til toppen