45.000 abonnentar får ikkje laurdagsavis i postkassa

Overgangen til ny distributør fører til at 45.000 abonnentar ikkje vil få avisa i postkassen laurdag, ifølgje Mediebedriftenes Landsforbund (MBL).

(NPK-NTB): Staten sparte nesten 100 millionar kroner då anbodet på å levere laurdagsaviser i distrikta gjekk til det vesle distribusjonsselskapet Kvikkas i Ålesund i konkurranse med Posten

Ifølgje Journalisten er det mange avislesarar som blir råka av at Posten ikkje lenger leverer aviser på laurdagar. Papiraviser landet over har hatt travle dagar med å kartleggje og informere dei abonnentane som ikkje får avisa i postkassa på laurdag.

Klassekampen skreiv onsdag at Posten fram til no har delt ut 128.000 aviser på laurdagar. Det betyr at ein tredel av abonnentane sannsynlegvis ikkje vil få den komande laurdagsavisa.

Til toppen